Det har vore godt i ei sorgfull tid - å srikka på kofta mi. I helga kom eg ikkje lengre -- må vente på meir roseraudt til knapphullstolpe og halslinning. (Godt at Hillesvåg har stort lager) Har festa trådar og markert for knappar, så neste visning rekner eg å bære kofta, Medalje. Stolt over arbeidet gjordt på pinne 3 mm, mønster på kvar omgong og 3 veker. Mindre stolt over at eg bomma på mønsteret ved raglan!!! Grunnen var at eg ombestemte meg. Armane såg så smale ut i M, så gjekk eg opp til L - og glemte då at mønster ikkje ville stemma. Men, på tross av det - så er eg nøgd! Er jo for at ikkje alt skal være tru kopi, men løysing for egen vri!
Strikka armane først - stor fordel å koma inn i mønsteret.
 |
Eg har "klypt" meg ut av eit klassebilde frå ca 1975. Mamma har strikka kofta eg har på meg. Nå er eg på jakt etter kva den heiter???? Ikkje for å strikka, berre for å vita! |