Fant dette bildet av Mindy og strikkakatten på kamera. Min gode mann, var lengre opp enn meg i natt - og ville nok syne meg avslappingsstilen til katta! |
Garnglede
Denne korga er ikkje mi, men svært inspirerande
onsdag 29. april 2015
Da vart ein bolero
I går kveld og i dag har eg fått hekla kanter og montert ringsakersjalet, til bolero. Bretta over firkanten til rektangel-- sydde ca 15 cm inn mot livet i nedre kanten. Trur denne blir nytta meir slik enn sjal. Fnugglett - nesten berre 150 gram.
tirsdag 28. april 2015
Enda ein sommargenser
Når storesøster fekk, så måtte og lillebror få - slik er det berre! Og kjekt er det å strikka til barnebarna. Mor deira er flink og flittig med strikketøyet sjølv, men som ein kjenne andre på seg sjølv; -- er det fint å få og!
Nå kan eg fortsetje med sjalet mitt- garn ankom postkassa i dag. Kjapp og rimelig forsendelse frå http://flamingogarn.no |
fredag 24. april 2015
Hit, men ikkje lengre!!!
Å finna det retta mønster og plagg å strikka av, det er nok eit kjendt fenomen. Føler ofte at eg "ruger" lenge på nokre garnnøster! I svigermors syskrin (som eg fekk arve) låg eit nøste med alpakkagarn. Kva skulle eg lage utav det??? Sist helg, dukka eit mønster opp --- som fekk lyspæra til å blinka!! Ringsakersjal frå Telespinn - http://www.telespinn.no/sm-ss.html
..... passa perfekt til både detta nøsta og dei to nøstene med paljettgarn eg hadde fått i gåve av ei venninne frå Trøndelag.
..... passa perfekt til både detta nøsta og dei to nøstene med paljettgarn eg hadde fått i gåve av ei venninne frå Trøndelag.
Har heldigvis funne garn hos "Flamingo" - så får det våge seg om det ikkje er samme fargenr. |
tirsdag 21. april 2015
Genser til sommarbruk
På turen i helga tok eg fatt på 2 nøster Elise / a 100 gram.. (Bomull/akryl). Samt mønster fra Strikkemagàsin, aug. 2010. Si Elise har skjønne farge-sjatteringar, så gjorde eg ikkje noko med trådbyte utanom bråta. Genseren er omlag 7 år i størrelse.
søndag 19. april 2015
Helg med strikking og garnkjøp
Nett kome heime frå tur til Rogaland hos venninne Wenche - ilag med svigerinne, Sølvi. Det er så fint å snakke håndarbeid ilag med likesinna venninner!! Dra til Oltedal på garnhandel, ete god mat, skravle, strikke og lære kvarandre gode tips på pc'n. Lar bare bildene tale for seg!
Men, våren var komen til Nesvik / Hjelmeland!!
Både her på Gjestal (trudde det var Gjesdal?? ) og på Lafthuset, vart det handla mykje garn!
Middag på www.byrkjedalstunet.no - smakte fortreffelig. Litt handel av ting & tang + lys, fulgde og med!
Ned mot Røldal - fortsatt vinter her |
Men, våren var komen til Nesvik / Hjelmeland!!
Både her på Gjestal (trudde det var Gjesdal?? ) og på Lafthuset, vart det handla mykje garn!
Middag på www.byrkjedalstunet.no - smakte fortreffelig. Litt handel av ting & tang + lys, fulgde og med!
"Migesen" og Wenche |
Mykje å sjå på i utstillinga |
Herlig med strikketøy og kaffi i husveggen. |
Monge gode garnnøster vart med heim. Takk til Sølvi, som kjørte stødig bil og hadde plass til alt "pøet" mitt! |
mandag 13. april 2015
Kimono og pulsvanter med sløyfe
Tumi (Rauma sitt garn med Ull/alpakka) har eg nå endeleg fått prøvd på pinnane. Med nydelege lilla fargar og mønsterbok som eg vant etter innlegg i Rigmors blogg ---- ja, så har eg fått ferdig draumejakka mi. Denne gong om lag alt etter boka. Kun armane blei strikka rundt før raglanfelling. Litt pirk å strikke mønster att og fram --- og sy samen delar etterpå. Men, snittet i jakka tilsa det denna gong. Såg ikkje for meg å rundtstrikka "Kia Fair Isle Kimono" - med den delikate knappelukkinga på sida.
Begge mønstrane er i ei lita design bok som heiter "High society" ! Det får duge med modellen i frå boka --- håper eg vil kle mi utgåve?? Den skal absolutt brukas på ein kjekk "strikketur", snart!!
Begge mønstrane er i ei lita design bok som heiter "High society" ! Det får duge med modellen i frå boka --- håper eg vil kle mi utgåve?? Den skal absolutt brukas på ein kjekk "strikketur", snart!!
fredag 10. april 2015
onsdag 8. april 2015
"benløse fugler"
For mange mange år siden, så var det populært å sy slike fugler til pynt. I korte perioder har eg prøvd litt om symaskin ligger på lag med meg - noko den nok aldri blir. Men, har altså sydd slike fugler uten å gjøre dem ferdig. Før Påske bestilte eg 100 gram tørka lavendel hos www.arnika.no . Eg fekk lyst å lage lavendelposer til ullkista og garnlager, for å unngå at møllen slår seg ned. Møllkuler lukter ikkje så godt, og dei er visstnok ikkje lov å selje her til lands lengre. Nå kom fuglane til nytta, fylt opp og putta inn mellom ulltøy og garn. Tørka lavendel kan og nyttast som te, men føler det vil smake såpe..... Nokon som kan overbevise meg om det motsatte??
Abonner på:
Innlegg (Atom)