Garnglede

Garnglede
Denne korga er ikkje mi, men svært inspirerande

søndag 11. oktober 2015

Skjørt fra Klumpe Lumpe

Barnebarn, Hilde - hadde ønske om at mormor skulle strikka noko i garnet "babytrunte" frå Hjertegarn. I akkurat desse skjønne fargene!!! Har 3 nøster, og berekna at det blir nok til skjørt i str. 8 år.
Har og hekla ein Mandius-cap frå same heftet (vår og sommer -15) str. 1-5 år

fredag 25. september 2015

Ett stort prosjekt ferdig

Har egentlig blogga om flerbruksjalet på hovedbloggen min; http://strikkstraks.blogspot.no    men, nevner det litt her og. Strikka omlag 10 cm kvar dag i 16 dager - og nådde målet mitt. Sjalet er 50 x 160 cm! Mønsteret fra Viking. Garnet, Nordlys.
I dag har eg på meg ett lite stykke sjal. Det blir som ein hals, festa med hekla rose med påsydd knapp. Då flytter eg rosa der eg vil!


lørdag 19. september 2015

Blei ikkje Rowan sin hals

Kjøpte eit engelsk str.magasin, med mønstrar i tjukt garn. Den halsen eg såg meg ut, var svært vanskeleg å få til. Har strikka mykje etter engelsk, men her blei det stopp!
    Så då måtte eg improvisera med noko anna. Brukte viking sitt pure alpakka + Amore (tynt mohairgarn).

Slik skulle den ha vore

søndag 13. september 2015

Mjuk gave til 1-åring

Nok eit puslearbeid!!! "But, I like it", sånn av og til då! Sende etter dette strikkeheftet. Engelsk, men enkelt nok for ei mormor på 50, å få til. Alt er bomullsgarn, så dukka og veska kan vaskast på 60 grader. Synes at då vert gåva, brukar- venleg!!
Tenker og å lage blogg om dette på " strikkstraks ", berre for å testa om den fungere! Vonar du tåler det? Vil ikkje gjenta meg for ofta..... Lover det!

fredag 11. september 2015

Innimellom....

Eit større strikkeprosjekt på pinnane. Då er da kjekt å ta litt smått for seg. Som å hekla babytøfler....
 Eller lage nålepute av eit krus! Så denne ideen på facebook, og tykte da var enkelt å kopiera. Brukte skumgummi med sateng og gullblonder til pynt.
Veldig gøyt å nytta gåva eg fekk til ein morsdag, ein gong i tida! 

tirsdag 8. september 2015

Søte nok, men ikkje heilt etter oppskrifta

Irriterende når eg får oppdrag, og då ikkje klare gjerne som eg skal!!!  Får skulde på lite blekk i printeren og at eg då berre tok ut teksten på desse vintage babysokkane. Difor fekk dei rillestrikka fot og ikkje glattstrikk. Såg på bildet på fb, etterpå -at dette utgjere ein stor forskjell på begrepet, vintage.
Men, desse er strikka slik dei skal, berre i mini alpakka.

Gammel dukke er modell.
Og veit du kva? Det ser ut til at min gamle blogg er tilbake att! Så no får denne fungera ei stund frå nettbrett og gmail-konto, inntil eg veit om http://strikkstraks.blogspot.no vil fungera normalt! 

fredag 4. september 2015

Hekla tøfler på "snippsnapp-snare"

Eine dotter vår, ønska seg tøfler til vinteren. Eg fann ikkje mønster på dei eg sjølv bruker, men ei kjempegrei oppskrift hos www.garn studio.com . Søk i katalog 150 mønster 25, så vil du finne dei. Brukte ein del  restar og dobla garn. Heklenål 10 mm. Rakk 4 par igår, på kjærkomen fridag med sol!!!
 Så kom eg på ei engelsk oppskrift eg hadde lagra, og måtte teste den med. Då på krok 9 mm. Fant ut at eg likte best desse tøflane ( plomme/grå melert garn.) hekla på ein time i fm. Mønster hos https://lisajeannine.wordpress.com super easy slippers

onsdag 2. september 2015

Bolero med mykje arbeid

Skal ikkje klage, for eg liker å putle med farger og forming! Men, ante lite at denne saken skulle kreve så monge timar med nål og tråd!!!  Må rose Sidsel Janne Høivik for hennar design og fine mønstrar! Ho treffer ein streng hos meg, med sine kreative broderingar. Har prøvd etter beste evne å følge oppskrift. Størrelsen er M

søndag 30. august 2015

Fant ei redning!

Holst Garn i Danmark, har eit tynt alpaca-garn, som heiter Titcaca. Eg bestilte eit nøsta som kom ganske nært i farge av det eg gjekk tom for (Pickles). Stor glede å fortsette på boleroen.
 Men, garnet er ganske tynt, så eg måtte doble det. Fungere veldig greit!

Litt ull/silke garn, fulgte og med i postpakken. Det andra vårt kjøp på ein liten tur til Kopervik, i helga.
Pluss denne fontena, bevilga frå Hageland!

onsdag 26. august 2015

Chunky summer, blei for kort!

Åååå, etter strev med å få fine fellingar i halvpatent, samt forstå oppskrift, så vart toppen for kort for meg! Fant denne i Kreativ Strikk 3/2015. Designa av Lana Grossa.

 
Eg har brukt båndgarn (bomull/acryl), casey print, som eg fant på tilbød Skudeneshavn i sommar.  Handlehuset. Har ennå nesten 4 nøster att av 8 - så nå lure eg på å strikka skjørt på? ? ? Eller bare lage ein anna topp til meg? Fin passformen i denne, men har ikkje nok garn til ny. Halvpatent, krever litt garn!

fredag 21. august 2015

Haustbrikker

Kjøpte mønster til desse på Evje, sist fredag. Fekk tid å sitje ute og hekla to stk. I formiddag. Me fekk endelig somarvarme og sol!!!! Eg har ikkje fått så tydelig midtnerve som mønsteret, men trur eg fann ut kvifor.  Det er noko med dobbeltst., skal takast forfra og ikkje bakfra som eg gjorde!! Pytt, da får bli neste gong!! Brikkene kan og fungera som gjestehåndkle??!

Kjedelig å gå tom for garn, når ein berre har toppen på andre arm, att!! Prøver å søke på fb/strikkesider etter ein rest å kjøpa, for Pickles er utsolgte😔

søndag 16. august 2015

Bolero med perler

i Dale sitt sommerhefte nr 212 fant eg mønster på denne festlige boleroen. Då det skulle heklast ein kant rundt, fann eg på å ta med perler som ein liten prikk over i'en!

Mønsteret går fra barn til L i damestr. Trur nok at denne kjem eg til å strikka flere av.

torsdag 13. august 2015

Lykketreff igjen!

Nesten ikkje til å tru, men det er sant!!! Eg helde på med ein bolero med garn fra Lang - Novena with baby alpaca. Kjøpte garnet i vinter i Bergen. Nå bestilte eg 4 nøster fra die woolbox, Tyskland. Raske var dei å senda, samt halve prisen i forhold til dei Norske prisene, OG så får eg samme farge parti som dei eg har strikka opp!!
Så nå skal eg ut i sola og strikka! Siste ferieveka mi, og det har ikkje vore så monge timar med sol!  Så utedag må prioriterer!

fredag 31. juli 2015

Forenkla Tine Solheim's design

I Tine's bok "Retromasker", er det ein longe vest som heiter "Margrethe".  Den er berre nydeleg!  Eg orka ikkje gå igong med så monge perler som Tine anbefaler.  Fant nokre små i turkis,  som eg berre har i blomane på bærestykket.   Brukte eit multifarga garn med glitter (La Perla, Svarta Fåret), ilag med alpakkagarn frå Pickles.   Det loa lite under strikking, så håper at det stemmer videre i bruk??!    Snudde litt på knappestolpene, --- altså plukket opp masker i stedet for longe remser att og fram.   Dei er berre kjedelege å strikka, tykjer eg!!
alpakkagarnet til Pickles la seg ikkje jamt og fint.  Har både vaska, blokka og dampa vesten, men tykjer den fortsatt er ujamn. Brukte pinnemål 3 mm.  

Dei blanke knappane frå Perlehuset, passa nydeleg til, men synes dårleg på foto.

På biltur, samt på reis,- så er det greit med småstrikk/hekletøy.  Barbie til barnebarn får litt nytt sommartøy.  Garnet Elise, er brukt både i klut og dukkekle.

Dei siste åra har rådyrbestanden auka her i bygda vår.  Midt på lyse dagen, gjesta detta kjeet, hagen vår. Det kom lika opptil altan på huset.  Eg gjekk ut og tok bilder og--  rådyret kikka rundt seg, men ikkje opp.  (nemnast må at me bur i eit byggefelt)

Frua har prøvd seg på symaskin.  Kjøpte eit stykke med stoff med print (Stoff&Stil)  Monterte detta framme og bak på ein kjøpt sommarkjole frå Cubus.  Heilt okey til mitt heimebruk! 

I ferien har eg farta litt -- og då er det kjekt med strikkehefter til kr 5 pr stk. !!!  Nede i kjellaren på Spar i Kinsarvik, gjorde eg detta kuppet.  hm....  har visst fortsatt ikkje nok hefter og magasiner. 

Ein dagstur til Stord, -vart det og godbetar med heim ----  desse på strikkefronten

mandag 20. juli 2015

"Koselig genser"

I Norsk Ukeblad 37/14 --- tok eg vare på denna oppskrifta som er henta frå boka Strikk med raske pinner.   Og kjapt gjekk det igrunn - hadde eg berre sluppe venta på garn frå Danmark.  Men, så bør eg då absolutt være glad, for garnet hadde akkurat same fargeparti

 Kutta ut nokre av fargane, då det var litt vanskeleg å finna nokon fleire som matcha turkis/mintgrøn.
Men, er faktisk ganske fornøgd med slik da vart med brunt, sjøgrønt og beige til.   Sjøgrøne perler frå Du store alpakka ---  var i mine gjemmer --- og passa perfekt til genseren.
strikka på 4,5 mm pinne
 Garnet Lima frå Hjertegarn, er mest brukt, men den beige fargen er frå Dropsgarn/ Nepal.
I drivhuset står nå ho Pelargonia på sitt vakraste!  Veit ikkje om det er denna eller roser som tiltale meg mest??   Dei likar ikkje regn, så difor er veksthus ideelt i vårt vestlandsvær.  

lørdag 18. juli 2015

Første- klasses sokkegarn

Eller i alle fall ekslusivt og nydelig mjukt!!   Rowan sitt "fine art/hand painted sock yarn", inneheld merino,kid mohair, polyamide og mulberry silk.   Ikkje rart eg forelska meg i detta garnet.  Sokkane vege berre 60 gram -- eit hespe på 100 gram inneheld 400 meter. 
Det blei heile sokkar med små fletter.  Strkkepinne 2,5 mm--   (60 masker)


Resten på 40 gram kan eg nytte i mønsterstrikk på andre sokkar. Det skal ikkje kome vekk!

Nyter dagar ute - men, me har mykje regn og vind.  Klatrerosa Etude,kjem for fullt -- og den er nok hagens stolthet. Svikter ikkje med sitt ceriserosa flor.

Kjøpte 75 gram garn i melonfargar, frå string theory colorworks - betalte 27 dollar med porto då, så absolutt litt dyre og ekslusive desse sommarsokkane mine.  Ett par sting i øvre kant, slik at storetåa fekk eget rom.  Då henger dei og litt betre på foten i sandaler.

                                     60 msk. og pinne 2,5 mm
Så må eg fortelle om flaksen eg hadde med detta garnet.   I fjor på tur til Skudeneshavn, vart 6 nøster med heim frå ei restekorg.   Selvfølgeleg såg eg at eg ville få for lite og søkte opp Hjertegarn.   Kom fram til ein nettbutikk i Danmark som hadde garnet inne.  Og tenk, så kom det 4 nøster i posten med samme fargeparti!!!! 

tirsdag 14. juli 2015

Todelt sokkepar

 I helga som var kjøpte eg eit 150 grams nøste med Salida (Sewec) -  frysepinn som eg er ---sommar som vinter,  ja-så strikka eg rett og slett sokkane mine i to deler.   Eit par utan hæl og tå -- og eit par lave slippers.   Nå kan eg velge og vrake i tre variantar.    Brukte akkurat 1 nøsta og pinnestr. 3 mm

No har eg fått ide til å buke slike buntar med impulskjøp.   Dette ekslusiva garnet frå Rowan, blir nok slik "yogamodell" - medan desse tre, a 25 gram - vert nok til slippers i melonfargar.   Då vart det vell sommarleg strikk?


torsdag 9. juli 2015

Ein flokk på 90 sauer

Ikkje verst det??  Å få plass til så mongen sauer på eit par?!?!    Eg har strikka " biscotte's sheeps"- ein gong tidlegare, men då i multifarga garn.   Enig med meg sjølv at svart/kvit vart mykje finare! Gratis mønster ligger her; http://biscotteyarns.com/products/sock-pattern-biscottes-sheeps
 (engelsk)   Men, diagrammet er veldig greit å følga.     Ein byrje i tåa på desse sokkane.  Gøy å gjere litt opp/ned, innimellom. 
Strikka i Fabel Drops (pinne 3 mm)  --- og ja, det skulle være dobbel kvit stripe under

søndag 5. juli 2015

t-skjorte i bambus

Strikka meg denne modellen eg falt så for, --frå KreativStrikk 2/15.    Passa perfekt til BambooPop som eg har ruga på snart eit år!!!!   
Veldig greit med multifarga garn -- slapp monge trådar og festa.

toppen/t-skjorta, er strikka frå hals og ned.  Gjekk igrunn fort å strikka,- når eg berre hadde fri!  Strikka på karbonpinne 2,75 mm.   Eg strikker igrunn laust.  Strikkefastheten stemde til str. M - for meg.  300 gram akkurat vart brukt.

Svært behageleg å bære.  Spesielt på jobb i varmen, er det eit favorittplagg!

No kjem rosene!  Klarde å ta bilde i dag, endeleg --- men, i går kveld vart det mislykka.   Klarte å ramle tre trinn ned i ei murtrapp, og slo meg ganske godt.  Noko redusert fart på frua i dag - då to knær og ein albu er skrubba opp.  Skuldra holdt så vidt,  men hodet gjekk klar!   Planlegge neste strikkeprosjekt, men, ikkje bestemt kva det blir til! God sommar -- tusen takk for kommentarar!

søndag 28. juni 2015

Resirkulert denimgarn

Kjøpte i fjor pga fargen i detta bomullsgarnet.   No passa det seg at eg trong ei ekstra gåve til eldste barnebarn, når han rundar år i august.   Var så mykje enklare å strikka til han J.O. då han var liten- men, når ein er storebror, går i skulen og veks i rykk og napp- så har da ikkje vore enkelt å finna passande oppskrift.  Kom over " Alt om håndarbeid 07/2013"- og ei tøff jakke i da heftet.    Oppskrifta går opp til 10 år, men trur eg fekk til å forlenga armar og liv til str. 11/12 år.   Brukte pinnemål 4 mm, enda det står 5 mm på garnet.
Vonar den vert meir brukt med glidelås, enn knappar.  Guten har ikkje tid å stå med slikt dilldall som knappar.

                        Greit med slike magasin,  då det er variert utvalg frå små barn til voksne.
Bomullsgarn /restar og nokre perler samt liten glidelås- ja, så svinga da fram ein halv melon.   Sommarleg pengepung eller sminkeveske.  Brukar jo ikkje så mykje myntar no lengre.   Hekla to sirklar og bretta over. Monterte glidelås for hånd mellom.