Garnglede

Garnglede
Denne korga er ikkje mi, men svært inspirerande

lørdag 31. januar 2015

Sys Fredens futter

Fekk nesten panikk her på fredag, mangla litt rosa garn til jakka mi - og dermed ufrivillig pause.  Dotter Monica, hadde heldigvis eit nøsta på lur - så sleppe bestille og vente enda lengre.  Men, allikavell måtte eg finne på noko å ha i henda.   Så då tok eg fram ei av dei kjekke julegåvene - Sys Fredens "Babyhæklet" - og noko babygarn.   Fine oppskrifter på overkommeleg dansk.


På pinner 8 mm og eit nøsta SamoTwist /mark&kattens (100 gram( ---  så fekk eg og lagd denna halsen. Hekla knappane sjølv då eg ikkje fant noko som matcha.   Oppskrifta kom som ein ide etter eg strikka knappestolpar til jakka mi.   Her ha eg lagt opp 24 masker, strikka att og fram med slike fletter som er brukt på bråtet og mellom store fletter. Berre med 2 vrange mellom flettene og rillestrikk over 12 masker i eine enden.   Etter kvar 4. rille så snudde eg rett etter flettene og strikka tilbake.  Då fekk eg halsen vid nederst.  ( To knapphol i eine enden, på rillepartiet)

torsdag 29. januar 2015

Juksa litt....

Da er vel lov eller?   .... Reint tatt så er det vel ikkje juks heller - for arbeid er det uansett.  Med fletter og fleire fargar på ein omgong!!!   Har valgt å strikke flettejakka på rundpinn (og armar), istaden for att og fram som oppskrifta tilrår. 
    Heilt gira og oppslukt av strikketøyet, er eg nå komen til mønsterborda øverst.   Så får me sjå når montering kan finna stad.  Helga blir travel med besøk og feiring av dotterdotters 5 år dag.   Jobben kaller og innimellom.   Snakker nesten om abstinens her - tji hi og fnis.  Nesten som eg kunne budd på ein plass der ingen skulle tru- og strikka uhemma......? hm...  tja ville vell ha sakna omverda då når eg tenke meg om.
De ser kansje at eg klype samen bolen.  Veldig greit å samle alle nøstene oppi - og ikkje floke seg utafor.

Godbetar i form av knappar og perler, bevilga seg frå www.perlehuset.no

Vinter er det ennå,  men den har sine pluss-sider med, må innrømma det!

søndag 25. januar 2015

Tova barnevotter ++

Ei tvillingmamma spurte om ho kunne få bestilla tova vottar til "smårollingane" sine.  Dei like å leka ute og tova votter held jo på varmen om dei blir våte.    No er eg spent på om desse vil fungera greit? Kjekk oppskrift  som eg fekk frå ei anna strikkeglad venninne. (Tusen takk W.)
         Det første paret er strikka i dobbel Tråd av Rauma si finull -- dei er litt store om dei er tova to gonger i vaskemaskin.  ( Først på 40 grader og så på 30 graders kortprogram med dongeribukse)   
         Same behandling fekk dei to neste par ut ( grå og rosa)  Men, dei er strikka i Sandnes si "Toppull"- enkel tråd på pinner 6 mm.  Detta garnet likte eg godt å jobba med.   Mjuke og elastiske er vottane og. 

Har kobla av i helga.  Då pynta eg ein krakk/skammel med decopage. Sider frå ei gammal bok og svaler frå serviettar. Lakken har litt skimmer i seg, men da synes ikkje på foto. 

Så har eg og tatt valget --  det blir jakka med fletter i første omgong.  Kjempekjekt å strikka fletter.  Første arm på pinnen nå. Forresten ikkje enkelt å finna rett verktøy -  det enda opp med ein gamal type pinne eg "stjal" med frå mor mi sitt strikkeskrin. I ungdommen altså.    Dei enkle flettene var lette å få til - treng ikkje flettepinne på desse.  Kjem til å bruka denna teknikken i andre arbeid, som sokkar.   På annakvar pinne så strikkes det 2 rett samen, --la dei vere på pinnen til du har strikka opp ei ny maske i første av desse to.   Gjenta på annakvar pinne.   Rapporten ser slik ut, 1 vr, 2 rette og 1 vr. (Sjå på bråtet)

Hjertelig takk for kommentarar i bloggane mine!

torsdag 22. januar 2015

I tenkeboksen....

-- ennå,- ang. kofte og fargevalg.    Her ein dagen leita eg i mønsterhaugen - og då dukka denne jakka opp.  Den var det mønster på i Familien 12/2011.  Designa av Jean Moss og har nok vore i "the knitter"-magasin.   Garnet Nepal er ein god og rimelig favoritt frå Drops.  Det vil nok passa supert til jakka.   Bestillinga mi er ankommet huset, og eg vurdere meir og meir å strikka flettejakka enn kofta "medalje" (enn så lenge)

 Litt tilbud på lokal garnbutikk, men Nepal er bestilt og kjøpt frå nøstenett. Boka Putefest og lakserødt tjukt garn frå hobbyklubben.  No skal eg stoppe for ei stund --- berre strikke ut ;)
 
 Har strikka litt barnesokkar denna veka.  Nokon par går nok til Ukraina, men andre til barnebarn.( Perfekt frå Sandnes mest brukt, men og Rubin frå Sparkjøp)

lørdag 17. januar 2015

"Petrakjolen" er i fryseboksen

Fiks ferdig! Og er svært nøgd både med størrelse, fargar og at gåva er rett og slett i boks!  I frysen?? - jo, det binder alpakkagarnet,- seies det.  To døgn og den vil loe mindre.  Har god erfaring med Karmøyjakka mi, som er strikka i same garnet. (hjertegarn frå Danmark).    Petrakjolen er strikka i dobbelt garn, siden det er ganske så tynt.   Dermed gjekk eg ned til størrelse 2 år i maskeantall, men behaldt måla til 6 år.  Bare eit par justeringar - i min strikkekrok.   Strikka knappehull istaden for å sy i berre pynteknappar, samt hadde 2 cm brei strikk øverst på seleskjørtet.  Då vil den slutte til ei aktiv jente og ha betre hald (alpakkagarnet føles tungt) Kutta ut gul farge i toppen på trea og stjernene.  Istaden har eg sølvfarga garn der. 
                                             Augene til kaninene er maska på med bomullstråd.
                                                      Ser ikkje så godt sølvtråden, men den gir litt ekstra vinterpreg!!
 Ei travel veke med storm og mykje straumbrot- har det vore.  Men, og ei gild veke med både innkjøp og kjekke postpakkar, innafor min hobby.    Var til Stord, mandag og sanka litt på to garnbutikkar og Narvesen.  

 Ekstra stas med denna pakken--  vunne i Rigmor's blogg - Hverdagssysler.  Kjekt å bli trukket ut!



Pakke med garn frå Hifa (ull.no) - vart eg først skuffa over.   Ferskenfarga??? hjelp- meg!!  Det er faktisk rett etter bestillinga mi og!! " Elfenben"    Trudde det var meir mot gråkvit eg, men der tok eg feil!  Den mørke lilla heiter,  aubergine.   Tenker at eg skal våge meg på kofta Medalje, allikavell!  Prøve noko heilt nytt, liksom? hm....      godt det er meir garn på veg -  ---  berre ikkje rukke å henta pakken frå nøstenett ennå. 

søndag 11. januar 2015

Surr i størrelsar

Jo, det går fint å rota da til for seg!  Men, hell i uhell - så blei det flaks allikavell !   Skulle strikka ein tunika til barnebarn som snart blir 5 år.   Valgte modellen Daisy Tunika i frå boka "flere favorittar fra Pickles".

tirsdag 6. januar 2015

Fredsvotten frå Selbu

Før Jul, handla eg litt gåver på nett.   Deriblandt strikkekit frå Selbu Husflid (garn og mønster i ein pk.) Ser dei har tilbodet ennå der;  http://www.selbuhusflid.no/h%C3%A5ndstrikk/s-1-detail.html
     Noko som var fint, var historia bak fredsvotten - lagt med i pakken.   Gav meg ein vekkar - me har det godt i våre dagar!    Hjarte innstrikka i kvar vott til minne om Helge Morset.  Som med berre ein arm, hjalp mongen funskjonshemma ungdom - etter krigen.


 Av min kjære mann, fekk eg Kofteboka til Jul.  Heilt tilfeldig at han kjøpte den - visste det var ei bok eg ynskja meg, men ikkje at det var akkurat denna.  Pengar til garn,fekk eg og.  Så nå har eg planar om å strikke denna kofta:
Medalje
 Liker mongen av koftene i boka -   fryd for auger å bla igjennom.   Du verden for ein strikkearv som blir tatt vare på!  

søndag 4. januar 2015

Godt Nyttår 2015

Eg har sakna bloggen min,- sjølv om eg like meg på woolspire.   Der plundrer eg med bildene.  Difor enklare for meg å blogge om håndarbeidet mitt her.    Heilt uforplikta og meint som dagbok (mest for meg sjølv då)  -  om kva eg strikke/hekle.   Så håper eg du vil være ven og følge meg her og.  Veit det er fleire med same interessa. Eg like å få inspirasjon, men og å gje! 
Sendte etter dette bladet.  Det kosta bra mykje i forsendelse -3dobla pris av kva sjølve magasinet kosta.  Men, jaja-  litt skal ein unne seg. Fekk forresten fine strikkehefter og kofteboka til Jul - og setter stoooor pris på dei og.

                         Skulle bli lue, men vart for knapt rundt mitt hode - difor zikka eg på symaskin, klypte i to - og laga meg pulsvanter.  Irriterande å sjå at eine vanten fekk knappane i feil side.
 Stilig med vevstrikking -  om eg ikkje fekk da til i starten.  Litt for tett med trådane.  Erfaring har gjordt meg klokare!!
Desse sokkane strikka eg for det meste i romjula. Men, dei koksgrå vart ferdig 1.nyttårsdag-  så tar eg dei med under produksjon for i år!  Alle para skal snart sendast nordover.   Ei dame som har spurt så fint om å strikke for ho.  Før Jul, var ikkje aktuelt, men eg kunne jo ikkje gløyme bestillinga heilt!  Kjekt når folk like det eg lage!