Garnglede

Garnglede
Denne korga er ikkje mi, men svært inspirerande

lørdag 17. januar 2015

"Petrakjolen" er i fryseboksen

Fiks ferdig! Og er svært nøgd både med størrelse, fargar og at gåva er rett og slett i boks!  I frysen?? - jo, det binder alpakkagarnet,- seies det.  To døgn og den vil loe mindre.  Har god erfaring med Karmøyjakka mi, som er strikka i same garnet. (hjertegarn frå Danmark).    Petrakjolen er strikka i dobbelt garn, siden det er ganske så tynt.   Dermed gjekk eg ned til størrelse 2 år i maskeantall, men behaldt måla til 6 år.  Bare eit par justeringar - i min strikkekrok.   Strikka knappehull istaden for å sy i berre pynteknappar, samt hadde 2 cm brei strikk øverst på seleskjørtet.  Då vil den slutte til ei aktiv jente og ha betre hald (alpakkagarnet føles tungt) Kutta ut gul farge i toppen på trea og stjernene.  Istaden har eg sølvfarga garn der. 
                                             Augene til kaninene er maska på med bomullstråd.
                                                      Ser ikkje så godt sølvtråden, men den gir litt ekstra vinterpreg!!
 Ei travel veke med storm og mykje straumbrot- har det vore.  Men, og ei gild veke med både innkjøp og kjekke postpakkar, innafor min hobby.    Var til Stord, mandag og sanka litt på to garnbutikkar og Narvesen.  

 Ekstra stas med denna pakken--  vunne i Rigmor's blogg - Hverdagssysler.  Kjekt å bli trukket ut!



Pakke med garn frå Hifa (ull.no) - vart eg først skuffa over.   Ferskenfarga??? hjelp- meg!!  Det er faktisk rett etter bestillinga mi og!! " Elfenben"    Trudde det var meir mot gråkvit eg, men der tok eg feil!  Den mørke lilla heiter,  aubergine.   Tenker at eg skal våge meg på kofta Medalje, allikavell!  Prøve noko heilt nytt, liksom? hm....      godt det er meir garn på veg -  ---  berre ikkje rukke å henta pakken frå nøstenett ennå. 

3 kommentarer:

  1. Den petrakjolen ble fin. Annerledes, stilige farger. Har lyst til å strikke denne, men det er begrensa hvor mange ullkjoler denne lille jenta mi kan ha. Det skal jo brukes også. Det elfenbeinhvite ser fint ut, synes jeg. Sammen med aubergine høres det spennende. Strikk en prøve og se hva du synes. Lykke til.

    SvarSlett
  2. Petrakjolen blei kjempefin, og du har brukt fine farger. Lurt å kunna regulera lengda på selane. Mykje spennande du har kjøpt deg av garn og blad, følger spent med kva fint du får til.

    SvarSlett
  3. Petrakjolen er festlig, og fargevalget er aldeles nydelig!
    Jeg har prøvd fryseboksmetoden i ett døgn, og ble sånn passelig fornøyd med effekten. "Friserte" sitteunderlaget med saks etterpå ;)
    Skal prøve med to døgn en annen gang i håp om at det går bedre!

    SvarSlett