Garnglede

Garnglede
Denne korga er ikkje mi, men svært inspirerande

lørdag 31. januar 2015

Sys Fredens futter

Fekk nesten panikk her på fredag, mangla litt rosa garn til jakka mi - og dermed ufrivillig pause.  Dotter Monica, hadde heldigvis eit nøsta på lur - så sleppe bestille og vente enda lengre.  Men, allikavell måtte eg finne på noko å ha i henda.   Så då tok eg fram ei av dei kjekke julegåvene - Sys Fredens "Babyhæklet" - og noko babygarn.   Fine oppskrifter på overkommeleg dansk.


På pinner 8 mm og eit nøsta SamoTwist /mark&kattens (100 gram( ---  så fekk eg og lagd denna halsen. Hekla knappane sjølv då eg ikkje fant noko som matcha.   Oppskrifta kom som ein ide etter eg strikka knappestolpar til jakka mi.   Her ha eg lagt opp 24 masker, strikka att og fram med slike fletter som er brukt på bråtet og mellom store fletter. Berre med 2 vrange mellom flettene og rillestrikk over 12 masker i eine enden.   Etter kvar 4. rille så snudde eg rett etter flettene og strikka tilbake.  Då fekk eg halsen vid nederst.  ( To knapphol i eine enden, på rillepartiet)

4 kommentarer:

  1. Fin hals og kjekk bok. Kan vera ei avveksling å bytta ut strikkepinner med heklenål innimellom.
    Heldig var du og som kunne få litt garn på "nærbutikken" Gleder meg til å se jakken din ferdig.

    SvarSlett
  2. Det går ikkje an å sitja uten noko i hendene, og du har laga nydeleg hals og babysokkar i ventetida. Det går raskt unna! Jakken din veks fort, blir spennande å så den ferdig.

    SvarSlett
  3. Veldig kjekt med noe "innimellomarbeid" :)
    Søte plagg du hadde laget!
    Har du laget oppskrift på heklete knapper selv?

    SvarSlett