Garnglede

Garnglede
Denne korga er ikkje mi, men svært inspirerande

søndag 25. januar 2015

Tova barnevotter ++

Ei tvillingmamma spurte om ho kunne få bestilla tova vottar til "smårollingane" sine.  Dei like å leka ute og tova votter held jo på varmen om dei blir våte.    No er eg spent på om desse vil fungera greit? Kjekk oppskrift  som eg fekk frå ei anna strikkeglad venninne. (Tusen takk W.)
         Det første paret er strikka i dobbel Tråd av Rauma si finull -- dei er litt store om dei er tova to gonger i vaskemaskin.  ( Først på 40 grader og så på 30 graders kortprogram med dongeribukse)   
         Same behandling fekk dei to neste par ut ( grå og rosa)  Men, dei er strikka i Sandnes si "Toppull"- enkel tråd på pinner 6 mm.  Detta garnet likte eg godt å jobba med.   Mjuke og elastiske er vottane og. 

Har kobla av i helga.  Då pynta eg ein krakk/skammel med decopage. Sider frå ei gammal bok og svaler frå serviettar. Lakken har litt skimmer i seg, men da synes ikkje på foto. 

Så har eg og tatt valget --  det blir jakka med fletter i første omgong.  Kjempekjekt å strikka fletter.  Første arm på pinnen nå. Forresten ikkje enkelt å finna rett verktøy -  det enda opp med ein gamal type pinne eg "stjal" med frå mor mi sitt strikkeskrin. I ungdommen altså.    Dei enkle flettene var lette å få til - treng ikkje flettepinne på desse.  Kjem til å bruka denna teknikken i andre arbeid, som sokkar.   På annakvar pinne så strikkes det 2 rett samen, --la dei vere på pinnen til du har strikka opp ei ny maske i første av desse to.   Gjenta på annakvar pinne.   Rapporten ser slik ut, 1 vr, 2 rette og 1 vr. (Sjå på bråtet)

Hjertelig takk for kommentarar i bloggane mine!

5 kommentarer:

  1. Sjå der blei det fine votter, dei er gode på handa og held seg på plass med det lange bråtet.
    Flettemønsteret på jakken din likte eg godt, det må prøvast ;)

    SvarSlett
  2. Tova barnevotter er tette og gode. Dine ble fine.
    Decopage er veldig moro, krakken ble fin og annerledes.
    Vrangborden måtte jeg teste før jeg skrev. Skal teste den på en ordentlig vrangbord siden. Maskene ser vridde ut, men tror denne måten må bli raskere enn å vri på vanlig måte. Takk for tips.

    SvarSlett
  3. Så fine votter du har laget :) heisan, nå fikk jeg en smule dårlig samvittighet her - jeg kjøpte nemlig "mange" serviettpakker før jul - var så billig! - så har jeg planer om å gjøre som du, nemlig decoupage - takk for inspirasjon Linda. Den flettingen så jeg på en liten filmsnutt her en dag, kjekke greier :) skal prøves. Og den jakken der Linda, den blir nydelig til deg - herlige farver, dine! :)

    SvarSlett
  4. Kreativiteten blomstrar hos deg, flittig er du og. Liker godt trøya du held på med, den vert nok super. Fine vottar som er av det suverene slaget i bruk, heldige dei som skal bruke dei.

    Krakken vart fin, ser lekker ut!

    SvarSlett
  5. Fine og deilige votter!
    Og ellers ser jeg at du er like kreativ som alltid -flott fornyelse av krakken!

    SvarSlett