Garnglede

Garnglede
Denne korga er ikkje mi, men svært inspirerande

tirsdag 31. mars 2015

Utfordring frå barnebarn

Hekler og strikker ofte til barnebarna.  Mest til dei små, kansje??  Han eldste på 8,5 år såg på lillebror sitt løvepannebånd og katteluene til søstrene -   og kom så om  litt fram med sitt ønske om pannebånd som Gepard. Mormora måtte då søke litt på Google og fann både mønster og modell.  Brukt garnet Hverdagsalpakka frå DSA, samt babysilk frå Sandnes. 
Kan henda ein kloning med ulv og denna geparden?!  jaja...



Hekla i Duo.  Mønster hos garnstudio/Drops

Nykjøp av strikkepinner.   Fekk anbefaling/pr av Amylin, på Woolspire.  Hadde ikkje høyrt om desse før, Hiya Hiya.  Var faktisk god å strikka med.   Lette, men ikkje for glatte og spisse.  

Nå veit eg ikkje om det blir fleire blogg før Påske--  så ha det riktig godt i hellig og fri-dagane!

mandag 30. mars 2015

første blogg med nettbrett

Tester og lærer! Siste arbeid ut er lavendelpose. Broderipakke eg fekk til Jul. Så greit med venninner som er framsynt for ullkista mi. Denne posen blir forresten for fin å gjemme vekk, så den får henge synlig i garnskapet mitt!

lørdag 28. mars 2015

Lindavri på Arne&Carlos

Klarer som vanleg ikkje være heilt tru mot oppskrifta.   Da boka til A&C "Strikk fra Setesdal", kom meg i hende---  så, likte eg godt den kvite genseren med mønster  nederst.  Eg har berre strikka den i garnet Lima, frå Drops (str. M), brukt raglan og ikkje høg hals.  Og har eg pynta armane med mansjettar og knappar.  Genseren er litt owersize, og er nok god og lun.    Kutta også ut nokre rader ifrå mønsteret, var redd eg ikkje ville få nok av den sjøgrønne fargen(Petrol)-  og da trong ikkje bli så høg. 

onsdag 25. mars 2015

Ryddetid i garn

Jo, nå måtte da gjerast.    Flinkare å kjøpa inn enn å strikka ut!  Og eg har innsett at eg får ikkje to liv- og må difor gjere noko med lageret mitt.  Ein ven av oss skal til Ukraina med klær og diverse utstyr til fattige.  Han T.,har synt foto og eg veit at alt kjem fram med den transporten for THK frå Haugalandet.   Difor skal mykje av det eg har hamstra på, nå få koma til meir nytta.  Gjer ein god følelse!!   Ikkje for at eg er så prektig og gjer vekk, men for at det kan gleda andre som lite har.   I boet etter svigermor, var det blant anna nokre strikkepinnar---  dei skal og få følge med.  Kansje eg må finne håndarbeidsblad på engelsk, slik at inspirasjon blir på topp??!   hm.... ennå mykje å rydde i.

Eg fekk eit syskrin med diverse - etter svigermor.  Da rara var at to mønsterhefter som ho hadde fått av meg, har eg no fått attende.  Blant anna mønster på detta settet med hjerter i perlestrikk.   For tida strikker dotter Sandra, på kjolen med mønsteret.  Ho fekk ei på fb,til å senda seg ein kopi.  

Mønsterhefte frå 80-tallet.  Går litt i gult no mot Påske!

Sist mandag fekk være med til www.vetlaloa.com i bursdagsselskap til ei strikkande venninne.  Det var dekka med "kylling" til kvar gjest, samt me fekk halv pris på alt garn.  Snakk om toppers feiring!   Skikkelig kos med strikketøy på saueskinnsfellar.  Plommepai, eplejuice, kaffi og te, høyrde og med.   Eg måtte jo berre handle - med slik eit supert tilbod??  Garnet Tumi frå Rauma, virka så mjukt og godt, at 15 nøster fekk være med til heimbygda mi.   Plan er å strikka meg enda ei jakke --  ups, der sprakk den med at eg trudde da var nok i kista. 

lørdag 21. mars 2015

Etterforskninga vellukka

Snakk om den store koftejakta, ja!   Gode "Zirkona", ho kunne hjelpa meg med navn og bilde på kofta eg hadde på som 10-åring!!!!   Mor mi, hadde kasta oppskrifta for den var så krøllet etter å ha vore lånt vekk.   Så alt eg hadde å gå etter var klassebilde frå 1975.     På e-post fekk eg kjapt svar om at jakka mi heiter Vågå, 872 s  -- oppskrift fant eg på facebook - koftegruppa.
 Som vanleg strikker eg videre-  både på små og store prosjekt.    Fekk til to par vottar av garnet Miski-  (ikkje Misty som eg skreiv i forrige blogg om katteluene)   Pynta med  filtblomar og knappar.
          ...  så har eg kasta meg rundt og strikker på genser etter " Setedals-strikk"- Arne&Carlos.  Skal ikkje ha den sjølv, altså ----  blir gåve til ei venninne som rundar 50 år i sommar.  Så nå skal eg ut i sola og strikka litt, - før seinvakt kalle.  

tirsdag 17. mars 2015

Katteluer

På dagstur til "Haugalandet" - sist laurdag---   snopa eg med meg nokre blader med håndarbeid.   Deribland franske Marie Claire Idees.   Forstår ikkje det gran fransk, men syntes kattelua inni heftet var utrulig søt.    Så eg fann fram Misty (babyalpakka) og rundpinne 5 mm --  samt nokre betar med tricot-stoff og knappar.  Kopi etter foto, med andre ord.   No er desse luene sikkert for store til Hilde og Hanna,- men da kjem nok ein vinter att.   Eg har tenkt å fora luene med tricot eller ei tynn bomullslue. 

Nå må eg absolutt tenke på å slutte med sjølvstrikk--  kista er full.  Denna pilekista er luftig og grei til oppbevaring av ulltøy.  No skal eg berre få tak i lavendel - for det er blitt meg fortalt at møll liker ikkje lukta av den blomsten.  Best å være på sikra sida!!     

søndag 15. mars 2015

Fortsatt med "Hjerte"

Familien kom med ei oppskrift på skjønn jakke (nr 6/2015) Likna på "Nancy".   Då eg hadde litt igjen av garn frå kofta mi, så dura eg likså godt igong med jakke til vesle Hanna.    Ho blir ett år til hausten- og eg reknar med jakka vil passe henne då.     Hjertegarn frå Hifa, er godt å strikka med.   Det er superwash og har strikkefasthet 2,5 - 3 mm.          Jakka skulle hatt lus, men eg liker ikkje å strikka det.   Difor hullmønster!   Har og skifta om litt på fargane, samt brodert kryssa i åttebladrosene.    Holdt akkurat med den resten garn eg hadde av elfenbeinsfarga (fersken) .
*Ein vri til;  hekla kantar med lilla*    Håper ikkje storesøstera ser bakpå knappane --  det er Hello Kitty-motiv der.  Passa ikkje så godt med raudt på teikningane, så difor knappar med baksida opp. " Man tar hva man har"!

Har vore mykje ute i dag ---   det er blitt så vårleg.
Fotografert med nytt nettbrett -  der krokusener finast i hagen vår.
 

mandag 9. mars 2015

Koftestrikk, "non stop"

Det har vore godt i ei sorgfull tid - å srikka på kofta mi.   I helga kom eg ikkje lengre -- må vente på meir roseraudt til knapphullstolpe og halslinning. (Godt at Hillesvåg har stort lager)   Har festa trådar og markert for knappar, så neste visning rekner eg å bære kofta, Medalje.   Stolt over arbeidet gjordt på pinne 3 mm, mønster på kvar omgong og 3 veker.   Mindre stolt over at eg bomma på mønsteret ved raglan!!!   Grunnen var at eg ombestemte meg.  Armane såg så smale ut i M, så gjekk eg opp til L - og glemte då at mønster ikkje ville stemma.  Men, på tross av det - så er eg nøgd!  Er jo for at ikkje alt skal være tru kopi, men løysing for egen vri!
                                 Strikka armane først - stor fordel å koma inn i mønsteret.

Eg har "klypt" meg ut av eit klassebilde frå ca 1975.  Mamma har strikka kofta eg har på meg. Nå er eg på jakt etter kva den heiter????  Ikkje for å strikka, berre for å vita!