Garnglede

Garnglede
Denne korga er ikkje mi, men svært inspirerande

lørdag 30. mai 2015

Innvikla mønster

Mykje strev for å få denne sommerjakka ferdig.   Si sommaren venter på seg, så får den ligga i skapet litt.   Kunne nesten ha strikka kofte med to fargar på same tida som eg brukte på dette holmønsteret.  Da var så lett å strikka feil -  kom ikkje inn i mønsteret før siste arm!!!  Grrrr....   På toppen av det heile vart armane for store i armkuppel og her måtte det tas opp nokre gonger og ordnast på.  Får håpa at etter ein pause frå synsvinkelen, så kan eg ta den på ein gong uti juni.  Fine knappar har nå jakka fått, er fornøgd med dei i da minsta!
                 (sorry, for syteblogg i dag --- må ta med det som ikkje går så bra og?? Lære av feila mine og ta fatt på kjekke oppgåver)
fargen lyger på foto-  den er meir lys mosegrøn enn grå. (sjå nederste foto)


Mønsteret gis vekk til første interiserte -- kjem aldri til å strikka da meir!!!!

mandag 25. mai 2015

Solo-lua

Denne fant eg oppskrift på - hos htpps://strikkedolla.blogspot.no 
Eg måtte ha noko innemellom den grøne jakka mi (med holmønster)-  den krever mykje konsentrasjon, veldig lett å gjere feil.

  

fredag 22. mai 2015

Jakke med glidelås

Kribla etter å prøve garnet Miranda - kjøpt på Moi.   Det er bomull/lin --- og fant ut at det må passe perfekt til sommerklær for både barnebarn og meg sjølv.    I ei engelsk strikkebok frå Debbie Bliss, falt eg for ei fin gutajakka med lommer og glidelås + lue.    Måtte justere maskeantall her, då det var brukt tjukkare garn og pinnar i mønsteret.  
Jakka har måla til 2 år i størrelse.  Tøff med glidelås og lommar, tykjer eg.  

To ting på ein gong--  det liker eg ikkje å halda på med.   Men, her var det nødvendig å strikka rygg til sommerjakka mi, for eg ville bruka den fine grønfargen på Ian si jakke og lue ---- dermed måtte eg sjekke om da ville bli nok garn.  Longt å reisa til Moi etter meir, kan du sei ;)   

Mindy,   er ei god selskapsdame.   Når eg slappe av eller jobbe i hus/hage - så er ho ofta med. 

Tenk så er me ferdig med 17.mai (foto teke den dagen)  og har kome til Pinse.   I fjella ligg det enda snø, men her nede mot fjorden er det grøne bakkar og blomeflor å sjå.  Mykje kaldt regn, så hagearbeid fristar lite.  Har begynt litt då, så det får være sagt. Ha god Pinsehelg -  takk for du kikke innom!

torsdag 14. mai 2015

Hekla sixpence

Berre måtte kjøpe det nye oppskriftsheftet til "Klumpelumpen"  !!  Det var nok oppskrifta på denne barske gutelua som lokka mest.  Men, sant skal skrives -  eg likte alle mønstra i heftet.  Det er verdt 150 kr - når det kan fenge ei med boksar, hyller og permar full av strikkemønstrar!!!!

Coop Extra, har og eit godt tilbod for tida--  boka Selbustrikk til kr 199,-     Eg kan ikkje tenkje for mykje på forlaget sitt tap, men heller glede meg over fullspekka bok av skatta oppskrifter frå Selbu.

Garnet eg har brukt er blanda ull/acryl.   Tenker eg skal finna bomull/lin til neste sixpence - for desse blir det nok hekla fleire av.  

tirsdag 12. mai 2015

Frå klingande mynt----

til skinande knapp!   Du verden så bergtatt eg vart av knappane, Åshild synte i sin blogg - her i vår.  Mann min, Jan - måtte berre gå igong og finna gamle toøringar og femtiøringar.    Avtalte med May Helen Bleie på e-post, pris og at ho hadde tid.  Eiga nettside finn de her www.zilver-neckless.com
Rask levering, men flott arbeid har ho gjordt.  
Teksten på eine kortet lyder slik;  "Attende" - forny det som står deg nært, få det smidd til noko kjært.
Saknar du nokon du kjende, styrk minna og få dei Attende."

Eg har prøvd garnet der Arne & Carlos står for designet.   Det er spunne for Regia-merket.  Likte godt fargane og mønsteret som vart danna.   Men, kunne tenkt meg at det var meir på nøsta enn 50 gram.   Brukte 1,5  nøsta til dette paret.   Prisen er veiledande kr 45,- pr 50 gram.  La opp 60 masker og strikka dei på pinnemål 2,5 mm (ville ikkje ha dei for vide)

I da sista har det dryppa inn nokre godbetar i posten.  Nettsider "over there", som freistar.
 

mandag 11. mai 2015

Minnerik helg

Toppa med årets overraskelse!      Fredag ble det long kjøring til Moi. Yngsteson var ferdig på Lundheim Folkehøgskule og oss foreldre var bedt til avslutningsfest, laurdagen.    Fant nokre godbetar av garn på Moi.  

Jakkemønsteret kosta 10 kr og er lagd for garnet Miranda (bomull/lin)-  det må bli ei sommerjakke, tenker eg.

Etter avslutningsfesten, kjørte me til Randaberg.  Der hoppa eg av og fekk  være med på 50 års feiring av to spreke damer- på Tungenes fyr.  


Ein fransk kunstnar har mala vår kystkultur med humørfylt snert. Ute i den kalde nordavind,stod fleire vindmøller/fyrtårn som kunstnaren hadde lagd.


Fekk med ein bit av kveldssola.



På heimtur,måtte eg innom Stord -  der låg denne staselege skuta ved hamn. Flott syn!!

Vell heime, satt nokre "luringar" og venta med ei stor gåve til meg.   Dei hadde funne på å rive ned kjøkeninnredninga vår- og fiksa opp med nytt.   Heile helga jobba små og store på spreng for å rekke ferdigstilling til mor kom heim.  Eg hadde ingen aning i da heila, så overraskelsen vart stor, ja!!

onsdag 6. mai 2015

Høner er vell allright??

-- året rundt, meiner eg??  Ikkje berre til Påskepynt!!   Kjøpte "kit" frå VikingGarn på turen til Rogaland, i april.  Betalte ein 100-lapp for 4 nøster med Naturgarn (grønt) og mønster til desse sitjeunderlaga.         Veldig greit å drasse med seg i hagen til ein passande sitjeplass i solkroken.
Grøn høne = Naturgarn,  Rosa= Eskimo      - og ja, gjorde ein liten endring her og eg.  Ville ha hønene litt runda i kantane, difor la eg opp ferre masker og auka  heller ut i kantane eit stykke- til eg fekk maskeantallet som matcha mønster.

Som takk for hyggelege kommentarar og rosande ord i bloggen min, så får de sjå ei grein av morelltreet vårt.  Eit syn mot kraftig blå himmel i går kveld!

mandag 4. mai 2015

Ballerinarumper

Det er kome ein koseleg farsott over strikkefronten ---  kappeskjørt/danseskjørt/ballerina og rumper (romper). Kjært barn har mange navn, og eg fekk lyst å strikka til vesle Hanna.    
   Fant gratis mønster hos Pickles på romper i str. 6 mnd.  http://www.pickles.no/sommer-rumper/

Men, eg gjorde jo litt om på oppskrifta då, som de ser.  Brukte 20 masker mindre rundt - og strikka inn 3 vrange omganger med ca 5 cm mellomrom.    Samt laga  smekke foran og høgare bråt mot livet.  
         Veldig greit å få ein bein volang når ein tar opp masker i både over og undermaska på rillene.  Hoppa over nedre nokon stader slik at eg fekk ca 200 m i florlett garn.  Eg brukte KidSilk/Drops i volangane, men dobbelt babygarn i sjølve skjørtet.  

       Mora kan få velge om Hanna skal ha knappar slik at det blir ein romper.  Eller berre la det være skjørt.
Irriterande at når ein strikker vridde rettmasker, så blir dei fine på rundpinne- men ikkje når ein strikke att og fram!!!!

Ei bittelita sløyfe med blank knapp får bli prikken over i'en i alt da søta! (samt ta blikket vekk frå da som irriterte meg;)

fredag 1. mai 2015

Fargesprakande silkesjal

Lover å ikkje strikke fleire slike ringsakersjal  på ei stund -  har jo monge andre planar.  Men, måtte berre bruka opp eit nydeleg garn eg har ruga på.   Det er rett og slett Silke/Kashmir, håndfarga Lotus.  Kjøpt i Trondheim for to år si.   Noko så bløtt og florlett!!!    Eg brukte dette garnet i nokre pulsvantar med rosemotiv "Stenkyrkan" og den vesle heklerosa som ligger forran sjalet.   Det var så monge meter på 100 grams hespe, at noko er gitt i gåve.  Endå måler sjalet 150 cm i øvste kant. 
For at sjalet ikkje skulle strame i avslutningskanten, så strikka 1 rett og 1 kast heile omgangen ut -før eg felde av slik; ---(lært av "ho Wenche " )  --  strikk to samen, sett maska du får tilbake på venstre pinne og strikk den samen med neste.(best i bakre ledd)  Fortsett ut rada.   Det blir ei meir elastisk avfelling og eg tykjer maskene legge seg fint bortetter.