Garnglede

Garnglede
Denne korga er ikkje mi, men svært inspirerande

fredag 1. mai 2015

Fargesprakande silkesjal

Lover å ikkje strikke fleire slike ringsakersjal  på ei stund -  har jo monge andre planar.  Men, måtte berre bruka opp eit nydeleg garn eg har ruga på.   Det er rett og slett Silke/Kashmir, håndfarga Lotus.  Kjøpt i Trondheim for to år si.   Noko så bløtt og florlett!!!    Eg brukte dette garnet i nokre pulsvantar med rosemotiv "Stenkyrkan" og den vesle heklerosa som ligger forran sjalet.   Det var så monge meter på 100 grams hespe, at noko er gitt i gåve.  Endå måler sjalet 150 cm i øvste kant. 
For at sjalet ikkje skulle strame i avslutningskanten, så strikka 1 rett og 1 kast heile omgangen ut -før eg felde av slik; ---(lært av "ho Wenche " )  --  strikk to samen, sett maska du får tilbake på venstre pinne og strikk den samen med neste.(best i bakre ledd)  Fortsett ut rada.   Det blir ei meir elastisk avfelling og eg tykjer maskene legge seg fint bortetter.

4 kommentarer:

  1. Nydelig sjal og takk for tips om avfelling.

    SvarSlett
    Svar
    1. Berre kjekt å dela gode råd! Tusen takk, Marit - ha riktig god helg!

      Slett
  2. Mmm,syns jeg kjenner igjen garnet jeg Linda, skal tro om ikke jeg også har skjerf av dette, flerfarvet? Helt utrolig mykt. Kjøpte du ikke dette hos Oddrun Atelier i Hegra tro? Ser helt herlig ut - tusen takk for tips ang felling, det hørtes veldig ok ut

    SvarSlett
    Svar
    1. Stemmer alt sammen, Rigmor --- angående garnet!!!! Takk for innspel i bloggen min!

      Slett