Garnglede

Garnglede
Denne korga er ikkje mi, men svært inspirerande

søndag 28. juni 2015

Resirkulert denimgarn

Kjøpte i fjor pga fargen i detta bomullsgarnet.   No passa det seg at eg trong ei ekstra gåve til eldste barnebarn, når han rundar år i august.   Var så mykje enklare å strikka til han J.O. då han var liten- men, når ein er storebror, går i skulen og veks i rykk og napp- så har da ikkje vore enkelt å finna passande oppskrift.  Kom over " Alt om håndarbeid 07/2013"- og ei tøff jakke i da heftet.    Oppskrifta går opp til 10 år, men trur eg fekk til å forlenga armar og liv til str. 11/12 år.   Brukte pinnemål 4 mm, enda det står 5 mm på garnet.
Vonar den vert meir brukt med glidelås, enn knappar.  Guten har ikkje tid å stå med slikt dilldall som knappar.

                        Greit med slike magasin,  då det er variert utvalg frå små barn til voksne.
Bomullsgarn /restar og nokre perler samt liten glidelås- ja, så svinga da fram ein halv melon.   Sommarleg pengepung eller sminkeveske.  Brukar jo ikkje så mykje myntar no lengre.   Hekla to sirklar og bretta over. Monterte glidelås for hånd mellom.
   

torsdag 25. juni 2015

Kjekt å ha til rundpinnane

Såg eit tips på strikkesida (fb) at ein brevordnar frå biltema, er ypperleg til rundpinnane.   Så når dotter M, tok ein tur til byen -huska ho på ønsket til mor.    No er det berre å ble opp på rette størrelse og velge kort eller lang  pinne i frå plastlommane. 

Siste skudd til strikkemønster-samlinga.  Engelsk bok om dobbeltstrikking.   Også meg som synte ein av haugane med magasiner!!! (sist blogg)  Kjekt å ha fagbøker - for å gje meg sjølv ei fattig trøst!

Veggar med Rhododendron-prakt --  berre eit syn for tida.   Min ferie føles longt fram i tid, men nyter fine dagar med besøk av ungdommane våras + barnebarn.  Og, ---  joda, strikker også.

torsdag 18. juni 2015

Dukkeklær til bittesmå babydukker

3 søte babydukker på 16 cm - har lenge lagt og venta på klær. Dukkemødrene er sjølv blitt mødre og nå ønska eine dotterdottera mi at mormor lagde noko til desse små etterlatte.
Å hekla slikt småtteri, er betre enn å strikka.  Lettare å rekke opp og justere bredde og lengde.  Dukkene med skjørt og poncho har små truser på seg.   Den i kjolen er sydd fast.   Det er lite monteringspussel for små barnefingre her.  Ponchoen har snor med strikk, slik at den fort tøyer seg over hodet, men ikkje sklir ned.   Nå ligger dukkene klar i toalettmappa med oppheng og plastlommer og venter på sine nye dukkemamma.   Har brukt rester av bomullsgarn.

Så!!!  ..... hm, har tanken om å rydda og sortera i strikkemagasiner blitt liggande.  Stor samlemani har gitt meg haugavis med slike inspirerande hefter.    Kva gjer eg med dei?? Nokre må eg nesten ha, men klarer jo aldri i mitt liv - å nytta alle desse. Kansje eg må lage til ein liten salgsbutikk.  Men, så blir det så vanskeleg når posten skal ha så mykje i porto for slikt!! For det er ikkje slik at eg vil tena så mykje på rotet/overflauda mi.   I tillegg har jo eg og ein god del fine bøker med same fag som tema. Hjelpe meg!!

onsdag 17. juni 2015

Stavangerlua 2015

Kom over bloggen til Pinneguri, via ein veneblogg.   Likte grådig godt designet på denna lua (forhøya bråt) og litt baggy krune.  Gratis mønster ligger her, klar til å lasta ned.
http://www.ravelry.com/patterns/library/stavangerlua-2015

Eg har brukt Miranda som er garn med bomull/lin.  Samt rester av bomullsgarn med glitter og perler fixa med sølvgrå neglelakk!!!   Dei  var røde i utgongspunktet, men passa slett ikkje inn til dei rosa rosene.  Da gjorde størrelsen for å tre dei på bomullstråd.    Kom då på at eg hadde lakka knappar ein gong, så kvifor ikkje perler???    
Ei sommerutgåve av Stavangerlua.   Har bodd i Stavanger eit år, så då kan eg trygt bruka den- om eg er ein blanding av Karmøybu og Kvinnhering.

 Det skine litt rødt innunder perlene, men det plaga meg ikkje.  Skulle lakken flasse av etter kvart, så er det berre til å stryke på nytt lag.  
Neglelakken her er ganske mettande i fargen.  Perlene er lagt på matpapir her, men dei i lua vart strikka inn først. Gjekk fint å pensle lakken på når lua er på eit modellhode.

Pakke i posten i går ---  500 gram fint alpakkagarn.  Kjennes mjukt ut, men har ikkje erfaring med denna sorten. I alle fall ruger eg på å strikka ein genser i frå "Maskeball" / Tine Solheim.  Det er berre den tida --  har jo så mykje anna og eg har lyst å strikka.
 

søndag 14. juni 2015

Sølvgrå topp

Baksida på toppen og framsida på Sandnes-heftet den er strikka utifrå.   Trur toppen vil bli fin til både soldrakten (forrige blogg), men og andre kjolar/bukser. 

Bamboo Jazz (fibra natura) - er nytt garn for meg.  Men, likte fargane og at det passa veldig fint til mønsteret.  Det er nok merka feil - for ville aldri funne på å brukt 6 mm pinnar til såpass tynt garn. Eg brukte 3 mm.   150 gram (nesten) av bambus/bomullgarn - gjekk med til denna toppen.    Hefte i frå "Sandnes 0710".

Etter endt arbeidshelg, var det godt å koma opp i Åsen idag - ilag med eldstedotter og hennar familie.  Her ser me mot Seimsfoss og Rosendal øverst mot venstre på foto.

torsdag 11. juni 2015

Ballerina med bling

På woolspire er det ei kreativ dame som har laga oppskrift på ballerinaromper med tutuskjørt.   Den falt eg alldeles for, og bare måtte kjøpe mønsteret.   Du kan sjå bilder her;
http://woolspire.com/nb/users/pollywantsanothercracker
Men, siden frøkna eg er mormor til, har atopisk eksem, så er det ikkje så greit med ullgarn.   Derfor strikka eg ein variant i rosa bomullsgarn, ispedd ei snelle blingtråd på skjørtet.   Så då måtte da til ein forandring i "tutu'en" - si bomullsgarn har ein annen masketetthet og tyngde, enn mohair.  Får håpe denne blir brukt allikavell?    Eg tykje den er utrulig søt - og føler at bruksområdet kansje blir større nå i sommar (viss gradene stiger bittelitt då??)  -   som soldrakt/badedrakt. 
 Skal lage ein topp som tilbehør -- i bomull/bambusgarn.
Det er om lag 330 masker i plisèn.  Hekla kant til slutt for å gjere den om mogleg,enda søtare!??!..

søndag 7. juni 2015

Vikingugla-sokker

Har lenge hatt mønsteret liggande på vent.  Og endelig tatt meg tid å strikka desse flotte sokkane Hilde Fjellberg Aas har laga mønster på.  Hilde, har si eiga bloggside - og verdt å sjå innom den---alt det fine ho strikker. http://hilde-aas.blogspot.no/
Strikka dei i Fabel frå Drops og pinnemål 2,5 mm.   Her måtte det leggast merke over linje for linje -  ingen mønsterpinne var lik.   Men, nokre utfordringar må eg tildele meg.

Kunne tenkt meg desse sjølv.  Men, har ein plan om å gje dei i gåve.  Veldig greit å ha noko personleg å kome med- sjølvsagt viss rette dame liker slikt håndarbeid då???  Det er blitt meir og meir viktig for meg - å legge litt "hjerte i gåver"!

Desse pannebanda (Josefine) var kjekke og kjappe å strikka.  Har laga tre slike i bomull - den siste veka. Tildagarn med glitter, er superdupert bomull/acrylgarn nå til sommarbruk.   Dukka Elisabeth, fekk være modellen min.  Ho har på seg en 29 år gamal Per Spook -som de ser.

Petunia, trives under tak heldigvis.  Det er mykje kaldt regn for tida.  Ingen sommervarme til å være uti juni.

mandag 1. juni 2015

Litt til dei små

Etter tidkrevande prosjekt er det kjempekjekt å putle med noe smått.       I sommerstrikk-boka til KlompeLompe, er det avbilda eit pannebånd til jenter.   Finne ikkje oppskrifta på det i boka, men på Ravelry har eg lagra link til noko liknande   http://olgajazzy.com/cable-braided-necklace/
Vesla på 8 mnd.  måtte få seg eit slikt av mormor.  Har laga ei hempe bak med to knappar.  Da kan flettebåndet brukast litt lengre.  
Strikka i Merino Extra fine --  men, ville nok godt for litt tynnare babygarn neste gong.

Detta pannebåndet er det oppskrift på i KlompeLompen.   Det kalles for Josefine's pannebånd.  Eg har strikka i Merino Babyull frå "SvartaFåret"--  nesten 25 gram gjekk med til str. 3-9 mnd.   Blir garantert strikka fleire av desse.  Kjekke gåver for små og store frøkner??

Sixpence'n "Mandius" er hekla i rest frå sommerjakka mi.   Denne lua er tiltenkt Ian på snart 2 år.   Trur han vil kle fargen godt!! 

Bomull/Lin-garn også anbefalt i oppskrifta.