Garnglede

Garnglede
Denne korga er ikkje mi, men svært inspirerande

fredag 31. juli 2015

Forenkla Tine Solheim's design

I Tine's bok "Retromasker", er det ein longe vest som heiter "Margrethe".  Den er berre nydeleg!  Eg orka ikkje gå igong med så monge perler som Tine anbefaler.  Fant nokre små i turkis,  som eg berre har i blomane på bærestykket.   Brukte eit multifarga garn med glitter (La Perla, Svarta Fåret), ilag med alpakkagarn frå Pickles.   Det loa lite under strikking, så håper at det stemmer videre i bruk??!    Snudde litt på knappestolpene, --- altså plukket opp masker i stedet for longe remser att og fram.   Dei er berre kjedelege å strikka, tykjer eg!!
alpakkagarnet til Pickles la seg ikkje jamt og fint.  Har både vaska, blokka og dampa vesten, men tykjer den fortsatt er ujamn. Brukte pinnemål 3 mm.  

Dei blanke knappane frå Perlehuset, passa nydeleg til, men synes dårleg på foto.

På biltur, samt på reis,- så er det greit med småstrikk/hekletøy.  Barbie til barnebarn får litt nytt sommartøy.  Garnet Elise, er brukt både i klut og dukkekle.

Dei siste åra har rådyrbestanden auka her i bygda vår.  Midt på lyse dagen, gjesta detta kjeet, hagen vår. Det kom lika opptil altan på huset.  Eg gjekk ut og tok bilder og--  rådyret kikka rundt seg, men ikkje opp.  (nemnast må at me bur i eit byggefelt)

Frua har prøvd seg på symaskin.  Kjøpte eit stykke med stoff med print (Stoff&Stil)  Monterte detta framme og bak på ein kjøpt sommarkjole frå Cubus.  Heilt okey til mitt heimebruk! 

I ferien har eg farta litt -- og då er det kjekt med strikkehefter til kr 5 pr stk. !!!  Nede i kjellaren på Spar i Kinsarvik, gjorde eg detta kuppet.  hm....  har visst fortsatt ikkje nok hefter og magasiner. 

Ein dagstur til Stord, -vart det og godbetar med heim ----  desse på strikkefronten

mandag 20. juli 2015

"Koselig genser"

I Norsk Ukeblad 37/14 --- tok eg vare på denna oppskrifta som er henta frå boka Strikk med raske pinner.   Og kjapt gjekk det igrunn - hadde eg berre sluppe venta på garn frå Danmark.  Men, så bør eg då absolutt være glad, for garnet hadde akkurat same fargeparti

 Kutta ut nokre av fargane, då det var litt vanskeleg å finna nokon fleire som matcha turkis/mintgrøn.
Men, er faktisk ganske fornøgd med slik da vart med brunt, sjøgrønt og beige til.   Sjøgrøne perler frå Du store alpakka ---  var i mine gjemmer --- og passa perfekt til genseren.
strikka på 4,5 mm pinne
 Garnet Lima frå Hjertegarn, er mest brukt, men den beige fargen er frå Dropsgarn/ Nepal.
I drivhuset står nå ho Pelargonia på sitt vakraste!  Veit ikkje om det er denna eller roser som tiltale meg mest??   Dei likar ikkje regn, så difor er veksthus ideelt i vårt vestlandsvær.  

lørdag 18. juli 2015

Første- klasses sokkegarn

Eller i alle fall ekslusivt og nydelig mjukt!!   Rowan sitt "fine art/hand painted sock yarn", inneheld merino,kid mohair, polyamide og mulberry silk.   Ikkje rart eg forelska meg i detta garnet.  Sokkane vege berre 60 gram -- eit hespe på 100 gram inneheld 400 meter. 
Det blei heile sokkar med små fletter.  Strkkepinne 2,5 mm--   (60 masker)


Resten på 40 gram kan eg nytte i mønsterstrikk på andre sokkar. Det skal ikkje kome vekk!

Nyter dagar ute - men, me har mykje regn og vind.  Klatrerosa Etude,kjem for fullt -- og den er nok hagens stolthet. Svikter ikkje med sitt ceriserosa flor.

Kjøpte 75 gram garn i melonfargar, frå string theory colorworks - betalte 27 dollar med porto då, så absolutt litt dyre og ekslusive desse sommarsokkane mine.  Ett par sting i øvre kant, slik at storetåa fekk eget rom.  Då henger dei og litt betre på foten i sandaler.

                                     60 msk. og pinne 2,5 mm
Så må eg fortelle om flaksen eg hadde med detta garnet.   I fjor på tur til Skudeneshavn, vart 6 nøster med heim frå ei restekorg.   Selvfølgeleg såg eg at eg ville få for lite og søkte opp Hjertegarn.   Kom fram til ein nettbutikk i Danmark som hadde garnet inne.  Og tenk, så kom det 4 nøster i posten med samme fargeparti!!!! 

tirsdag 14. juli 2015

Todelt sokkepar

 I helga som var kjøpte eg eit 150 grams nøste med Salida (Sewec) -  frysepinn som eg er ---sommar som vinter,  ja-så strikka eg rett og slett sokkane mine i to deler.   Eit par utan hæl og tå -- og eit par lave slippers.   Nå kan eg velge og vrake i tre variantar.    Brukte akkurat 1 nøsta og pinnestr. 3 mm

No har eg fått ide til å buke slike buntar med impulskjøp.   Dette ekslusiva garnet frå Rowan, blir nok slik "yogamodell" - medan desse tre, a 25 gram - vert nok til slippers i melonfargar.   Då vart det vell sommarleg strikk?


torsdag 9. juli 2015

Ein flokk på 90 sauer

Ikkje verst det??  Å få plass til så mongen sauer på eit par?!?!    Eg har strikka " biscotte's sheeps"- ein gong tidlegare, men då i multifarga garn.   Enig med meg sjølv at svart/kvit vart mykje finare! Gratis mønster ligger her; http://biscotteyarns.com/products/sock-pattern-biscottes-sheeps
 (engelsk)   Men, diagrammet er veldig greit å følga.     Ein byrje i tåa på desse sokkane.  Gøy å gjere litt opp/ned, innimellom. 
Strikka i Fabel Drops (pinne 3 mm)  --- og ja, det skulle være dobbel kvit stripe under

søndag 5. juli 2015

t-skjorte i bambus

Strikka meg denne modellen eg falt så for, --frå KreativStrikk 2/15.    Passa perfekt til BambooPop som eg har ruga på snart eit år!!!!   
Veldig greit med multifarga garn -- slapp monge trådar og festa.

toppen/t-skjorta, er strikka frå hals og ned.  Gjekk igrunn fort å strikka,- når eg berre hadde fri!  Strikka på karbonpinne 2,75 mm.   Eg strikker igrunn laust.  Strikkefastheten stemde til str. M - for meg.  300 gram akkurat vart brukt.

Svært behageleg å bære.  Spesielt på jobb i varmen, er det eit favorittplagg!

No kjem rosene!  Klarde å ta bilde i dag, endeleg --- men, i går kveld vart det mislykka.   Klarte å ramle tre trinn ned i ei murtrapp, og slo meg ganske godt.  Noko redusert fart på frua i dag - då to knær og ein albu er skrubba opp.  Skuldra holdt så vidt,  men hodet gjekk klar!   Planlegge neste strikkeprosjekt, men, ikkje bestemt kva det blir til! God sommar -- tusen takk for kommentarar!