Garnglede

Garnglede
Denne korga er ikkje mi, men svært inspirerande

fredag 4. september 2015

Hekla tøfler på "snippsnapp-snare"

Eine dotter vår, ønska seg tøfler til vinteren. Eg fann ikkje mønster på dei eg sjølv bruker, men ei kjempegrei oppskrift hos www.garn studio.com . Søk i katalog 150 mønster 25, så vil du finne dei. Brukte ein del  restar og dobla garn. Heklenål 10 mm. Rakk 4 par igår, på kjærkomen fridag med sol!!!
 Så kom eg på ei engelsk oppskrift eg hadde lagra, og måtte teste den med. Då på krok 9 mm. Fant ut at eg likte best desse tøflane ( plomme/grå melert garn.) hekla på ein time i fm. Mønster hos https://lisajeannine.wordpress.com super easy slippers

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar