Strikka meg denne modellen eg falt så for, --frå KreativStrikk 2/15. Passa perfekt til BambooPop som eg har ruga på snart eit år!!!!
 |
Veldig greit med multifarga garn -- slapp monge trådar og festa. |
 |
toppen/t-skjorta, er strikka frå hals og ned. Gjekk igrunn fort å strikka,- når eg berre hadde fri! Strikka på karbonpinne 2,75 mm. Eg strikker igrunn laust. Strikkefastheten stemde til str. M - for meg. 300 gram akkurat vart brukt. |
 |
Svært behageleg å bære. Spesielt på jobb i varmen, er det eit favorittplagg! |
 |
No kjem rosene! Klarde å ta bilde i dag, endeleg --- men, i går kveld vart det mislykka. Klarte å ramle tre trinn ned i ei murtrapp, og slo meg ganske godt. Noko redusert fart på frua i dag - då to knær og ein albu er skrubba opp. Skuldra holdt så vidt, men hodet gjekk klar! Planlegge neste strikkeprosjekt, men, ikkje bestemt kva det blir til! God sommar -- tusen takk for kommentarar! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar