Garnglede

Garnglede
Denne korga er ikkje mi, men svært inspirerande

søndag 22. februar 2015

Beæret

Fekk spørsmål om eg ville overta noko heklegarn frå ei "snelle" - og klart min nysgjerrighet takka ja til det.   Då eg pakka opp vart eg heilt stum og overvelda av gåva eg fekk overta.     Dei nydelegaste fargar i tynn hekletråd!  Fekk lyst å prøve både nupereller og hekle småting.  Skal love å visa på sikt når andre arbeid er ferdige.


Ei lue i Lanett babyull.  Denna er strikka for ei kollega.  Ho "plagdes" med slikt småtteri,  men har klart å strikka genseren til barnebarnet sitt.   Slike utfordringar likar jo eg!

Ellers er eg godt igong med eine armen til "medalje-kofta" mi.   Detta er vanskleg mønster å lære "utanboks"- så blir berre stikka på i ledige stunder heime.

  Mi svigermor døde i veka som var -  ganske uventa.  Eg får nok ikkje tid å blogge så mykje framover.                                          Fred over Else sitt minne!

onsdag 18. februar 2015

Litt til babyborndukka

Målfrid Gausel har fantastisk fine dukkekle i bøkene sine.   Alt i lilla Silja, er strikka ifrå boka "babystrikk til dukken".   Einaste forandringen eg har gjordt er å sy på blonde nederst på seleskjørtet. Då ruller ikkje skjørtekanten så lett opp.

I boka der pulsvantane var (forrige blogg) - så kom eg til å sjå på denna lua.  Strikka i Hverdags frå "dsa".

OG NÅ - har eg endeleg funne rette fargen til "bomkjøpet" tidlegare i vinter. Mørk roserød/ Hjerte - vil passa godt til ferskenfargen eller elfenbenfargen.   Hillesvåg hadde 20 % på koftegarn i forrige veke.  

lørdag 14. februar 2015

48 knappar sydd på

- 2 par pulsvanter!!!   Det er litt "pussel", men liker jo å halda på med.   Mønster og ide med broderi/knappar, er i frå boka til Sidsel J. Høivik "Lekre masker og lekne sting".    
       Brukte alpakka i da paret med turkis og kvitt.  Det andra paret;  Lima frå Drops.   Resultat - to forskjellige størrelser;  liten og stor.     Eine pulsvanten strikka eg på buss til Bergen- by, torsdag.  Turen vart kjempefin.   Hadde igrunn for lite arbeid og mønster med meg.  Difor måtte eg dikta eit lite vottepar, til heimtur.      Ian, barnebarn på 1,5 år - var villig å prøva for mormor.  Så veit at dei passe 1-2 år. 


Elastiske og tette, men ingen trådar som små fingar kan setje seg fast i. 


Strikka likså godt eit par til, laurdagen.  Pynteknappar frå Europris.
 

tirsdag 10. februar 2015

Alle fuglar.....

Små og lubne dei blei!  Rigmor, minna meg på at eg hadde ein plan med å strikka fuglar etter Alan Dart's oppskrift i Simply Knitting ( mars 2013)

Eg var så heldig å få noko soppfarga garn frå ei dame i Sverige.  Mesteparten av fargane passa så godt til fuglane.   Måtte spe på med litt finull garn frå Rauma.     Alan Dart, har ikkje tova sine fuglar. Dei er strikka i mest acryl garn.   Mine tankar gjekk på at viss eg kunne tove dei, så ville inntrykket bli mjukare og kansje i meir orginal format.     Det blei litt prøving og feiling.   Måtte lage egen halesvans og kutta ut lange føtter.   Dei gjer seg best "fykande", etter snora si.  
Før toving og montering.   Fekk andre halesvansar enn dei eg har laga til her.

Nydelege fargeprøvar frå Sverige.   (soppfarga garn)

Dompapp, Blåmeis/kjøttmeis og Rødstrupa - gleder seg til våren.

Sokkane vart ferdige før helga- fekk kontroll på at stripene fløkta i fargane.

Hekla hengekorg etter bekkebjarnol's design.  Holdt med ein spole, Traphilo yarn,  til denna. 

torsdag 5. februar 2015

Digital kjøkenvekt ---

det er eit bra hjelpemiddel, når ein lure på om da er nok garn til andre sokk!!!    Og her har eg 6 gram å gå på!!   Starta med friskt mot på Regia nøstet med heile 150 gram (julegåve)  -   og mønsteret eg vann i Rigmor's blogg. (Sokkemønster, "Fallende løv" av Klara Haugen)   Desse sokkane blir longe på skaftet, men nå veit eg at det blir nok altså ---  puh!
Flotte fargar som passar godt til mønsteret.

Sjå kva naturen har lagd då --  heilt uten påverknad frå meg.   Fint å ha kamera med på tur, for detta blir eg glad av å sjå.


Ein liten mansjett som eg skal feste rundt sjal.   Var egentlig tenkt til sokkar i dobbeltstrikk, men fant fort ut at detta gadd eg rett og slett ikkje!  Alt for mykje arbeid, der det er lett å gjere feil.  Greit å øve på teknikken i blant, men der eg treng to like sokkar, så melder i alle fall eg pass.   Desse ville blitt for små og, så då så!

mandag 2. februar 2015

Flettejakka ferdig

Skulle likt å visst kva Jane Moss, kaller den for på engelsk? Men, finner den ikkje under hennar navn noko stad.  Veit at den har vore i "the Knitter"-  Oppskrifta var  oversatt til norsk i "Familien" 12/2011 - uten navn.  Difor kaller eg den for flettejakka.    Strikka i Nepal frå Drops, pinnemål 5 mm.  Brukt 7-8 dager i strikking og 1 med montering.   Vart jo heilt gira på å få den ferdig.  

Siden eg strikka jakka på rundpinne, så måtte eg zikke på symaskin.  Fant ut at det enklaste var å strikke knappestolpane med 5 masker ekstra i sidene.  Då var det greit å skjule klyppekanten bakom, samtidig som det gav meir hald i kantane.

Liker den veldig godt!  Kansje litt lengre hadde vore greit?  Men,forseint nå, allikavell

Kanina eg blogga om tidlegare i vinter, er nå komen på eit dukketeppe.  Hilde, fekk det i bursdagsgåve.