Garnglede

Garnglede
Denne korga er ikkje mi, men svært inspirerande

søndag 30. august 2015

Fant ei redning!

Holst Garn i Danmark, har eit tynt alpaca-garn, som heiter Titcaca. Eg bestilte eit nøsta som kom ganske nært i farge av det eg gjekk tom for (Pickles). Stor glede å fortsette på boleroen.
 Men, garnet er ganske tynt, så eg måtte doble det. Fungere veldig greit!

Litt ull/silke garn, fulgte og med i postpakken. Det andra vårt kjøp på ein liten tur til Kopervik, i helga.
Pluss denne fontena, bevilga frå Hageland!

onsdag 26. august 2015

Chunky summer, blei for kort!

Åååå, etter strev med å få fine fellingar i halvpatent, samt forstå oppskrift, så vart toppen for kort for meg! Fant denne i Kreativ Strikk 3/2015. Designa av Lana Grossa.

 
Eg har brukt båndgarn (bomull/acryl), casey print, som eg fant på tilbød Skudeneshavn i sommar.  Handlehuset. Har ennå nesten 4 nøster att av 8 - så nå lure eg på å strikka skjørt på? ? ? Eller bare lage ein anna topp til meg? Fin passformen i denne, men har ikkje nok garn til ny. Halvpatent, krever litt garn!

fredag 21. august 2015

Haustbrikker

Kjøpte mønster til desse på Evje, sist fredag. Fekk tid å sitje ute og hekla to stk. I formiddag. Me fekk endelig somarvarme og sol!!!! Eg har ikkje fått så tydelig midtnerve som mønsteret, men trur eg fann ut kvifor.  Det er noko med dobbeltst., skal takast forfra og ikkje bakfra som eg gjorde!! Pytt, da får bli neste gong!! Brikkene kan og fungera som gjestehåndkle??!

Kjedelig å gå tom for garn, når ein berre har toppen på andre arm, att!! Prøver å søke på fb/strikkesider etter ein rest å kjøpa, for Pickles er utsolgte😔

søndag 16. august 2015

Bolero med perler

i Dale sitt sommerhefte nr 212 fant eg mønster på denne festlige boleroen. Då det skulle heklast ein kant rundt, fann eg på å ta med perler som ein liten prikk over i'en!

Mønsteret går fra barn til L i damestr. Trur nok at denne kjem eg til å strikka flere av.

torsdag 13. august 2015

Lykketreff igjen!

Nesten ikkje til å tru, men det er sant!!! Eg helde på med ein bolero med garn fra Lang - Novena with baby alpaca. Kjøpte garnet i vinter i Bergen. Nå bestilte eg 4 nøster fra die woolbox, Tyskland. Raske var dei å senda, samt halve prisen i forhold til dei Norske prisene, OG så får eg samme farge parti som dei eg har strikka opp!!
Så nå skal eg ut i sola og strikka! Siste ferieveka mi, og det har ikkje vore så monge timar med sol!  Så utedag må prioriterer!