Garnglede

Garnglede
Denne korga er ikkje mi, men svært inspirerande

fredag 31. juli 2015

Forenkla Tine Solheim's design

I Tine's bok "Retromasker", er det ein longe vest som heiter "Margrethe".  Den er berre nydeleg!  Eg orka ikkje gå igong med så monge perler som Tine anbefaler.  Fant nokre små i turkis,  som eg berre har i blomane på bærestykket.   Brukte eit multifarga garn med glitter (La Perla, Svarta Fåret), ilag med alpakkagarn frå Pickles.   Det loa lite under strikking, så håper at det stemmer videre i bruk??!    Snudde litt på knappestolpene, --- altså plukket opp masker i stedet for longe remser att og fram.   Dei er berre kjedelege å strikka, tykjer eg!!
alpakkagarnet til Pickles la seg ikkje jamt og fint.  Har både vaska, blokka og dampa vesten, men tykjer den fortsatt er ujamn. Brukte pinnemål 3 mm.  

Dei blanke knappane frå Perlehuset, passa nydeleg til, men synes dårleg på foto.

På biltur, samt på reis,- så er det greit med småstrikk/hekletøy.  Barbie til barnebarn får litt nytt sommartøy.  Garnet Elise, er brukt både i klut og dukkekle.

Dei siste åra har rådyrbestanden auka her i bygda vår.  Midt på lyse dagen, gjesta detta kjeet, hagen vår. Det kom lika opptil altan på huset.  Eg gjekk ut og tok bilder og--  rådyret kikka rundt seg, men ikkje opp.  (nemnast må at me bur i eit byggefelt)

Frua har prøvd seg på symaskin.  Kjøpte eit stykke med stoff med print (Stoff&Stil)  Monterte detta framme og bak på ein kjøpt sommarkjole frå Cubus.  Heilt okey til mitt heimebruk! 

I ferien har eg farta litt -- og då er det kjekt med strikkehefter til kr 5 pr stk. !!!  Nede i kjellaren på Spar i Kinsarvik, gjorde eg detta kuppet.  hm....  har visst fortsatt ikkje nok hefter og magasiner. 

Ein dagstur til Stord, -vart det og godbetar med heim ----  desse på strikkefronten

2 kommentarer:

  1. Eg har sagt meg opp i woolspire. Mest pga plunder med å laste opp foto, men og for at det vart litt tullball med nettet og lite info. Har ikkje lyst å henge ut woolspire, kjem nok til å kikka innom for inspirasjon når dei kjem igong att. Dermed er eg no tilbake til "strikkstraks" --- eller " min strikkekrok". Samma det, berre eg har det skoy med mine håndarbeider og at du gidde lesa litt og sjå kva eg sysle med. Detta innlegget er frå begynnelsen på gamle bloggen min "Strikkstraks" --- noko er i uorden ennå, for woolspire kjem fortsatt opp. Håper det kjem i orden snart!




    SvarSlett
  2. Det var eit nydeleg mønster på vesten din. Har opplevd at enkelte alpakkatyper er vanskelege å få jevnt, men eg har ikkje prøvd Pickles sitt. Fine dokkekler og!
    Det er kjekt å fylgja bloggen din og sjå alt det fine du lager. Håper du får det i orden med Woolspire.

    SvarSlett