Garnglede

Garnglede
Denne korga er ikkje mi, men svært inspirerande

lørdag 18. juli 2015

Første- klasses sokkegarn

Eller i alle fall ekslusivt og nydelig mjukt!!   Rowan sitt "fine art/hand painted sock yarn", inneheld merino,kid mohair, polyamide og mulberry silk.   Ikkje rart eg forelska meg i detta garnet.  Sokkane vege berre 60 gram -- eit hespe på 100 gram inneheld 400 meter. 
Det blei heile sokkar med små fletter.  Strkkepinne 2,5 mm--   (60 masker)


Resten på 40 gram kan eg nytte i mønsterstrikk på andre sokkar. Det skal ikkje kome vekk!

Nyter dagar ute - men, me har mykje regn og vind.  Klatrerosa Etude,kjem for fullt -- og den er nok hagens stolthet. Svikter ikkje med sitt ceriserosa flor.

Kjøpte 75 gram garn i melonfargar, frå string theory colorworks - betalte 27 dollar med porto då, så absolutt litt dyre og ekslusive desse sommarsokkane mine.  Ett par sting i øvre kant, slik at storetåa fekk eget rom.  Då henger dei og litt betre på foten i sandaler.

                                     60 msk. og pinne 2,5 mm
Så må eg fortelle om flaksen eg hadde med detta garnet.   I fjor på tur til Skudeneshavn, vart 6 nøster med heim frå ei restekorg.   Selvfølgeleg såg eg at eg ville få for lite og søkte opp Hjertegarn.   Kom fram til ein nettbutikk i Danmark som hadde garnet inne.  Og tenk, så kom det 4 nøster i posten med samme fargeparti!!!! 

2 kommentarer:

  1. Så flotte sokkar du strikker, både med og uten tå ;) Likte godt dei med fletter. Har aldri prøvd Rowan garn, men det hørtes ut til å vera eit herleg garn.
    Rosa di er bare så nydeleg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Monge takk, Wenche! Rosa har kompani av mange --- men, ville ha med regndråpane ;)

      Slett