Garnglede

Garnglede
Denne korga er ikkje mi, men svært inspirerande

søndag 5. juli 2015

t-skjorte i bambus

Strikka meg denne modellen eg falt så for, --frå KreativStrikk 2/15.    Passa perfekt til BambooPop som eg har ruga på snart eit år!!!!   
Veldig greit med multifarga garn -- slapp monge trådar og festa.

toppen/t-skjorta, er strikka frå hals og ned.  Gjekk igrunn fort å strikka,- når eg berre hadde fri!  Strikka på karbonpinne 2,75 mm.   Eg strikker igrunn laust.  Strikkefastheten stemde til str. M - for meg.  300 gram akkurat vart brukt.

Svært behageleg å bære.  Spesielt på jobb i varmen, er det eit favorittplagg!

No kjem rosene!  Klarde å ta bilde i dag, endeleg --- men, i går kveld vart det mislykka.   Klarte å ramle tre trinn ned i ei murtrapp, og slo meg ganske godt.  Noko redusert fart på frua i dag - då to knær og ein albu er skrubba opp.  Skuldra holdt så vidt,  men hodet gjekk klar!   Planlegge neste strikkeprosjekt, men, ikkje bestemt kva det blir til! God sommar -- tusen takk for kommentarar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar