Garnglede

Garnglede
Denne korga er ikkje mi, men svært inspirerande

søndag 4. januar 2015

Godt Nyttår 2015

Eg har sakna bloggen min,- sjølv om eg like meg på woolspire.   Der plundrer eg med bildene.  Difor enklare for meg å blogge om håndarbeidet mitt her.    Heilt uforplikta og meint som dagbok (mest for meg sjølv då)  -  om kva eg strikke/hekle.   Så håper eg du vil være ven og følge meg her og.  Veit det er fleire med same interessa. Eg like å få inspirasjon, men og å gje! 
Sendte etter dette bladet.  Det kosta bra mykje i forsendelse -3dobla pris av kva sjølve magasinet kosta.  Men, jaja-  litt skal ein unne seg. Fekk forresten fine strikkehefter og kofteboka til Jul - og setter stoooor pris på dei og.

                         Skulle bli lue, men vart for knapt rundt mitt hode - difor zikka eg på symaskin, klypte i to - og laga meg pulsvanter.  Irriterande å sjå at eine vanten fekk knappane i feil side.
 Stilig med vevstrikking -  om eg ikkje fekk da til i starten.  Litt for tett med trådane.  Erfaring har gjordt meg klokare!!
Desse sokkane strikka eg for det meste i romjula. Men, dei koksgrå vart ferdig 1.nyttårsdag-  så tar eg dei med under produksjon for i år!  Alle para skal snart sendast nordover.   Ei dame som har spurt så fint om å strikke for ho.  Før Jul, var ikkje aktuelt, men eg kunne jo ikkje gløyme bestillinga heilt!  Kjekt når folk like det eg lage!

6 kommentarer:

  1. Sjå der er du i gang. Fine bilder, liker godt sokkane du har strikka.
    Fine pulsvantar du har laga og. Ikkje alltid prosjekta går som planlagt, då ef det greit å veea kreativ.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk! Fekk litt tid i dag å setje meg inn i bloggverden att. Lukka til du og!

      Slett
  2. Klart eg vil følga deg her og, har savna bloggane dine! Gleder meg til å sjå alt det flotte du lager :)
    Takk for svar om strikketeknikk. Eg er begynt på vevstrikk nå, men den er annleis.

    SvarSlett
  3. Vil og gjerne følge deg her.
    Håper å kunne blogge litt mer dette året.
    Flotte pulsvanter ble det og sokkene var og veldig fine.

    SvarSlett
  4. Liker å finne igjen ei som lager pulsvanter når lua ikke passa. Kjenner deg igjen. Vantene ble flotte, i morsom teknikk. Jeg fant aldri ut av det der med Woolspire. Eller - tok meg ikke tid. Vil heller bruke tida på handarbeid.
    Skal legge deg inn på sida mi når jeg tar fram datamaskin. ( bruker tab nå)

    SvarSlett
  5. Savnet deg!! Så kjekt å se deg igjen. Så flotte ting du lager Linda - du finner stadig på noe nytt du - og du gir masse inspirasjon til oss andre; takk! :)

    SvarSlett