Garnglede

Garnglede
Denne korga er ikkje mi, men svært inspirerande

torsdag 22. januar 2015

I tenkeboksen....

-- ennå,- ang. kofte og fargevalg.    Her ein dagen leita eg i mønsterhaugen - og då dukka denne jakka opp.  Den var det mønster på i Familien 12/2011.  Designa av Jean Moss og har nok vore i "the knitter"-magasin.   Garnet Nepal er ein god og rimelig favoritt frå Drops.  Det vil nok passa supert til jakka.   Bestillinga mi er ankommet huset, og eg vurdere meir og meir å strikka flettejakka enn kofta "medalje" (enn så lenge)

 Litt tilbud på lokal garnbutikk, men Nepal er bestilt og kjøpt frå nøstenett. Boka Putefest og lakserødt tjukt garn frå hobbyklubben.  No skal eg stoppe for ei stund --- berre strikke ut ;)
 
 Har strikka litt barnesokkar denna veka.  Nokon par går nok til Ukraina, men andre til barnebarn.( Perfekt frå Sandnes mest brukt, men og Rubin frå Sparkjøp)

4 kommentarer:

  1. Flettejakka ser flott ut, Linda. Gleder meg til å sjå kva du bestemmer deg for. Jammen må vi strikkeglade gå gjennom store kvaler før vi gjer våre val.
    Fine labbar du har strikka, godt å vera varm på føtene for både liten og stor.

    God helg til deg!

    SvarSlett
  2. Det er ikkje alltid godt å bestemma seg, er jo så mykje fint å velja i. Blir kjekt å sjå kva du vil strikka, fint garn du har kjøpt i alle fall!
    Barna blir nok glade når dei får så fine sokkar.

    SvarSlett
  3. Hehe, enig med Åshild, det blir noen runder med valgets kval :-) den jakken er pen. Du lager så mye fint, skjønne barnestrømper - bare send meg litt av den fine energien din :-) klem fra trøndelagen

    SvarSlett
  4. Sokker er alltid populært! Friske, fine farger du har brukt :D

    SvarSlett