Garnglede

Garnglede
Denne korga er ikkje mi, men svært inspirerande

torsdag 18. juni 2015

Dukkeklær til bittesmå babydukker

3 søte babydukker på 16 cm - har lenge lagt og venta på klær. Dukkemødrene er sjølv blitt mødre og nå ønska eine dotterdottera mi at mormor lagde noko til desse små etterlatte.
Å hekla slikt småtteri, er betre enn å strikka.  Lettare å rekke opp og justere bredde og lengde.  Dukkene med skjørt og poncho har små truser på seg.   Den i kjolen er sydd fast.   Det er lite monteringspussel for små barnefingre her.  Ponchoen har snor med strikk, slik at den fort tøyer seg over hodet, men ikkje sklir ned.   Nå ligger dukkene klar i toalettmappa med oppheng og plastlommer og venter på sine nye dukkemamma.   Har brukt rester av bomullsgarn.

Så!!!  ..... hm, har tanken om å rydda og sortera i strikkemagasiner blitt liggande.  Stor samlemani har gitt meg haugavis med slike inspirerande hefter.    Kva gjer eg med dei?? Nokre må eg nesten ha, men klarer jo aldri i mitt liv - å nytta alle desse. Kansje eg må lage til ein liten salgsbutikk.  Men, så blir det så vanskeleg når posten skal ha så mykje i porto for slikt!! For det er ikkje slik at eg vil tena så mykje på rotet/overflauda mi.   I tillegg har jo eg og ein god del fine bøker med same fag som tema. Hjelpe meg!!

2 kommentarer:

  1. Så søte dokkeklær, du er flink med heklekroken! Det blir nok ei fornøgd dokkemamma :)
    Det har lett for å bli for mykje i hyllene våre, godt å få rydda opp av og til ;)

    SvarSlett
  2. Skjønne dukker og klær! Veldig viktig at klærne er brukervennlig for små dukkemammaer ;)
    Tror det er mange som kjenner seg igjen når det gjelder opphoping av strikkeblader -er jo så fristende med impulskjøp av slike!

    SvarSlett