Garnglede

Garnglede
Denne korga er ikkje mi, men svært inspirerande

onsdag 17. juni 2015

Stavangerlua 2015

Kom over bloggen til Pinneguri, via ein veneblogg.   Likte grådig godt designet på denna lua (forhøya bråt) og litt baggy krune.  Gratis mønster ligger her, klar til å lasta ned.
http://www.ravelry.com/patterns/library/stavangerlua-2015

Eg har brukt Miranda som er garn med bomull/lin.  Samt rester av bomullsgarn med glitter og perler fixa med sølvgrå neglelakk!!!   Dei  var røde i utgongspunktet, men passa slett ikkje inn til dei rosa rosene.  Da gjorde størrelsen for å tre dei på bomullstråd.    Kom då på at eg hadde lakka knappar ein gong, så kvifor ikkje perler???    
Ei sommerutgåve av Stavangerlua.   Har bodd i Stavanger eit år, så då kan eg trygt bruka den- om eg er ein blanding av Karmøybu og Kvinnhering.

 Det skine litt rødt innunder perlene, men det plaga meg ikkje.  Skulle lakken flasse av etter kvart, så er det berre til å stryke på nytt lag.  
Neglelakken her er ganske mettande i fargen.  Perlene er lagt på matpapir her, men dei i lua vart strikka inn først. Gjekk fint å pensle lakken på når lua er på eit modellhode.

Pakke i posten i går ---  500 gram fint alpakkagarn.  Kjennes mjukt ut, men har ikkje erfaring med denna sorten. I alle fall ruger eg på å strikka ein genser i frå "Maskeball" / Tine Solheim.  Det er berre den tida --  har jo så mykje anna og eg har lyst å strikka.
 

3 kommentarer:

  1. Som jeg sa inne på Strikkesida, veldig artig utgave med perler og glitter - blir liksom fint vær av det :D

    Syns du det gikk greit med mønsteret, med de forkorta radene?

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for kommentar frå deg. Mønsteret var veldig greit å forstå!

      Slett
  2. Du er så flink å gjøre nytte av alt mulig! Tenk å lakkere perler, da... Kreative deg!
    Luen ble flott, og perlene pyntet absolutt opp!!
    Håper vi får høre mer om erfaringen med garnet ;)

    SvarSlett