Garnglede

Garnglede
Denne korga er ikkje mi, men svært inspirerande

søndag 28. juni 2015

Resirkulert denimgarn

Kjøpte i fjor pga fargen i detta bomullsgarnet.   No passa det seg at eg trong ei ekstra gåve til eldste barnebarn, når han rundar år i august.   Var så mykje enklare å strikka til han J.O. då han var liten- men, når ein er storebror, går i skulen og veks i rykk og napp- så har da ikkje vore enkelt å finna passande oppskrift.  Kom over " Alt om håndarbeid 07/2013"- og ei tøff jakke i da heftet.    Oppskrifta går opp til 10 år, men trur eg fekk til å forlenga armar og liv til str. 11/12 år.   Brukte pinnemål 4 mm, enda det står 5 mm på garnet.
Vonar den vert meir brukt med glidelås, enn knappar.  Guten har ikkje tid å stå med slikt dilldall som knappar.

                        Greit med slike magasin,  då det er variert utvalg frå små barn til voksne.
Bomullsgarn /restar og nokre perler samt liten glidelås- ja, så svinga da fram ein halv melon.   Sommarleg pengepung eller sminkeveske.  Brukar jo ikkje så mykje myntar no lengre.   Hekla to sirklar og bretta over. Monterte glidelås for hånd mellom.
   

3 kommentarer:

  1. Du e så kreativ Linda - nydelig guttegenser og en søt liten veske :) koselig blogg du lager

    SvarSlett
  2. Jakken var nydeleg, eg falt for den! Flettemønster pynter veldig opp, og fargen var fin.
    Smart lita veske du har hekla og!

    SvarSlett
  3. Så flott flettemønster det var på jakken!
    Skulle tro han får tid å lukke den ved bruk nå ;)
    Artig, kreativ melon-veske :D

    SvarSlett