Garnglede

Garnglede
Denne korga er ikkje mi, men svært inspirerande

lørdag 21. mars 2015

Etterforskninga vellukka

Snakk om den store koftejakta, ja!   Gode "Zirkona", ho kunne hjelpa meg med navn og bilde på kofta eg hadde på som 10-åring!!!!   Mor mi, hadde kasta oppskrifta for den var så krøllet etter å ha vore lånt vekk.   Så alt eg hadde å gå etter var klassebilde frå 1975.     På e-post fekk eg kjapt svar om at jakka mi heiter Vågå, 872 s  -- oppskrift fant eg på facebook - koftegruppa.
 Som vanleg strikker eg videre-  både på små og store prosjekt.    Fekk til to par vottar av garnet Miski-  (ikkje Misty som eg skreiv i forrige blogg om katteluene)   Pynta med  filtblomar og knappar.
          ...  så har eg kasta meg rundt og strikker på genser etter " Setedals-strikk"- Arne&Carlos.  Skal ikkje ha den sjølv, altså ----  blir gåve til ei venninne som rundar 50 år i sommar.  Så nå skal eg ut i sola og strikka litt, - før seinvakt kalle.  

2 kommentarer:

  1. Ja det er mye god hjelp å få av andre håndarbeidsglade venner, så fint at du fant det ut, nydelig kofte dette. Tror jeg har sett noen inne på FB-sia har laget den i voksen str :)

    SvarSlett
  2. Kjekt å få hjelp med gamle oppskrifter!
    Veldig fin blomsterpynt på de kjekke vottene :)

    SvarSlett