Garnglede

Garnglede
Denne korga er ikkje mi, men svært inspirerande

onsdag 25. mars 2015

Ryddetid i garn

Jo, nå måtte da gjerast.    Flinkare å kjøpa inn enn å strikka ut!  Og eg har innsett at eg får ikkje to liv- og må difor gjere noko med lageret mitt.  Ein ven av oss skal til Ukraina med klær og diverse utstyr til fattige.  Han T.,har synt foto og eg veit at alt kjem fram med den transporten for THK frå Haugalandet.   Difor skal mykje av det eg har hamstra på, nå få koma til meir nytta.  Gjer ein god følelse!!   Ikkje for at eg er så prektig og gjer vekk, men for at det kan gleda andre som lite har.   I boet etter svigermor, var det blant anna nokre strikkepinnar---  dei skal og få følge med.  Kansje eg må finne håndarbeidsblad på engelsk, slik at inspirasjon blir på topp??!   hm.... ennå mykje å rydde i.

Eg fekk eit syskrin med diverse - etter svigermor.  Da rara var at to mønsterhefter som ho hadde fått av meg, har eg no fått attende.  Blant anna mønster på detta settet med hjerter i perlestrikk.   For tida strikker dotter Sandra, på kjolen med mønsteret.  Ho fekk ei på fb,til å senda seg ein kopi.  

Mønsterhefte frå 80-tallet.  Går litt i gult no mot Påske!

Sist mandag fekk være med til www.vetlaloa.com i bursdagsselskap til ei strikkande venninne.  Det var dekka med "kylling" til kvar gjest, samt me fekk halv pris på alt garn.  Snakk om toppers feiring!   Skikkelig kos med strikketøy på saueskinnsfellar.  Plommepai, eplejuice, kaffi og te, høyrde og med.   Eg måtte jo berre handle - med slik eit supert tilbod??  Garnet Tumi frå Rauma, virka så mjukt og godt, at 15 nøster fekk være med til heimbygda mi.   Plan er å strikka meg enda ei jakke --  ups, der sprakk den med at eg trudde da var nok i kista. 

1 kommentar:

  1. Me har jo i overflod, så det gjer godt å hjelpa nokon som treng det meir. Kjekt at garnet kjem til nytte. Tumi har eg ikkje prøvd, men har høyrd skryt av garnet. Me må få høyra kva erfaring du gjer deg. Herleg med ein opprydning av og til.

    SvarSlett